Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (8)
- Ekspedisjon (1)
-
Annen vintertur (3)
- Slalombakketur (3)
- Fottur (485)
-
Kjøretur (3)
- Biltur (3)
-
Klatring (2)
- Via ferrata (2)
-
Skitur (160)
- Fjellskitur (18)
- Langrennstur (95)
- Randonnée/Telemark (43)
-
Sykkeltur (152)
- Blandet sykling (22)
- Terrengsykling (101)
Skibergfjell 633moh - Hof, Vestfold
- Dato:
- 20.05.2004
- Turlengde:
- 4:13t
- Distanse:
- 28,8km
Skibergfjell 633moh - Høgastet punktet i Vestfold fylke. Hof kommune. Nok ein kombinert sykkeltur og fottur. Køyrde til Hof, og sykla opp vegen i retning Hajeren. Meininga var å sykle ein rundtur, frå Hof til Gausesætra, og gå derifrå til toppen, for so å sykle ned til Holt rett før Eidsfoss, og so tilbake til bilen langs riksveg 35. Men eg tok feil i eit vegkryss og kom opp til Hajeren ca. 400moh. Stoppa der ei stund og prøvde å finne ut veien vidare... Det vart mykje studering av kart, og sykling fram og tilbake. Dette er vanskelig for ein vestlending som ikkje er vand med å måtte orientere seg i skog og mark. Utan eit einaste fjell, eller fjord å navigere etter. Så eg kasta vekk mesteparten av tida med å gruble over kar eg var, og kar eg skulle sykle. Det kartet eg hadde >>>
Sykkeltur til Breiliflaka 702 moh
- Dato:
- 18.05.2004
- Turlengde:
- 3:23t
- Distanse:
- 38,2km
Breiliflaka (702 moh) - Modum, Buskerud
Kombinert sykkeltur og gåtur til Breiliflaka 702moh. Det det eg trudde var det høgaste punktet i Modum kommune. Sette igjen bilen ved kraftverket på Dyrbakk. Det ligg ved Tyrifjorden omlag eit par mil frå Sylling i retning Vikersund. Derifrå sykla eg i retning Vikersund omlag ei mil på riksveg 284. Dårlig asfalt og jævlig motvind. Sleit med å hold 20km/t på flatmark, var av og til ned i under 15km/t der det bles som verst!! Ellers var det ein flott dag med sol og brukbar varme. Då eg kom til campingplassen ved Frydenberg, rett før den austlige delen Vikersund, tok eg av til venstre opp grusvegen som blant anna går opp til Abbortjern. Vegen går jevnt oppover til dette tjernet som ligg omlag på 400 moh. Rett før vatnet går det ein veg oppover >>>
Kommunetopp - Asker (Akershus): Hagahogget 459 moh
- Dato:
- 15.05.2004
- Turlengde:
- 3:29t
- Distanse:
- 35,5km
Hagahogget (459 moh) - Asker, Akershus Sykkeltur til Hagahogget, det høgaste punktet i Asker kommune med sine 459 moh. Dette er min lengste tur hittil i år i tid, sjøl om turen berre var 35 km. På dei fyrste 15 km forbi Tveitersætra, brukte eg i underkant av 50 min. Då eg kom til Hagahogget, drog eg med meg sykkelen vidare forbi radaranlegget for å kome meg til utkikspunktet. Det var berre drags, måtte trille og bære sykkelen heile vegen. Brukte ein del tid på det sjøl om det berre var omlag 500m i luftlinje. Fantastisk fin dag i dag. Passe temperatur og lette skyer. Utsikta frå Hagahoget er flott: Eoin ser innover mot Oslo, Holmenkollen, Ekeberg, Nesodden og heile fjorden utover forbi Slemmestad. Asker, Dikemark og norvestover heilt til Norefjell! Brukte ein del tid på nyte denne >>>
Kommunetopp - Sande (Buskerud): Presteseteråsen 568 moh
- Dato:
- 23.03.2004
Presteseteråsen (568 moh) - Sande, Vestfold Skitur: Presteseteråsen 568 moh, Sande/Vestfold. Nok eit forsøk på å nå det høgaste punktet i Drammen kommune; Annevannshøgda 557 moh. Denne gongen hadde eg tenkt å få med meg Presteseteråsen også. Med sine 568 moh er det den høgaste åsen i Sande kommune i Vestfold. Det hadde skya over og temperaturen låg på eit par pluss, då eg begynte å gå frå Andorsrud. Skogsbilvegen var pløgd og ikkje lagt opp med fine skispor, slik eg hadde håpa på. Det hadde faktisk vore heilt perfekt for sparkstøtting... Så eg tok skia på nakken og gjekk. Og det gjorde eg heilt til det punktet eg snudde på sykkel i sommar, sør for Grodalsåsen. Men i staden for å rette opp feilen frå i fjor, snudde eg og gjekk ikkje opp Gravdalen, men vestover mot >>>