Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kleppåsen og Brendeåsen

Dato:
04.07.2025

Kveldstur med GC. Regnbygene tok seg ei etterlengta pause og det vart ein fin kveld

Stikk Ut Volda

Dato:
03.07.2025

Tre små og kjappe turar i Voldaby etter at vi hadde sendt Ørjan ut i verda igjen. Fint tilrettelagte turområde både langs Øyraelva, Rotevatnet, Moloen og til Andaneset. Den siste overraska med både brygge og stilig badstu.

Grøthornet

Dato:
02.07.2025
Distanse:
6,6km

I serien Grøthornet #11/20 . Dette Grøthornet ligg bak Klovetinden og rett opp frå Klovevatnet. Der ligg det litt for seg sjølv, nesten som om det glapp ut av hendene til VårHerre i det fjella skulle bli plasserte. Ikkje så mange som legg turen hit, og sjølve toppen kjem ein til ved å følge ryggen i ura opp. Ørjan og eg starta i frå Barstadsætra. Fint å gå på god sti opp til Klovvatnet før det barst vidare opp i skodda. På toppen tok nokre ryper i mot oss då vi kom opp og ein slik velkomst er vel noko alle har drøymt om... Skodda tok seg nokre pauser innimellom og det var ei utrulig effekt då nabofjella brått dukka opp ut av skoddeheimen.

Kart     1 kommentar

Gyrinakken og Brendeåsen

Dato:
01.07.2025

Kveldstur med GC. Ørjan slapp oss av på gocartbana og vi gjekk heim. Han og Ulrik sprang på Røddalshornet og persa på 22,45. Det er knallsterkt. "Litt" treigare med gamlingane, men vi kom oss heimatt. Sol med tilhøyrande fluger, og mygg som ikkje forstod at det var sol. Alt som vanlig, happy for litt kveldssol etter dagar med nitrist ver.

Brendeåsen

Dato:
30.06.2025

Bautane

Dato:
27.06.2025
Distanse:
0,8km

Ute til lunch En tur for heilt særskild interesserte. Nokre forskremde kråker flaksa krakande i veg av ein forstyrrande inntrenger. Ei dumpa campingvogn, ein skogsveg til eit vedprosjekt som tydlegvis har stoppa heilt opp og ulendt terreng med trevelt på toppen. Fin utsikt frå åsryggen var den positive beholdninnga.

Kart    

Skoratinden

Dato:
26.06.2025
Distanse:
6,8km

Guttetur til Skoratinden i Rovde. Stas å gå att med dissa spreke gutta. Møtte på skodda i toppområdet. La turen oppom Fossanipa og Arehornet på returen. Ulrik og Ørjan tok seg en kjapp dukkert i Myrkevatnet.

Kart    

Bruna og Kalen

Dato:
24.06.2025
Distanse:
1,6km

I serien Utanfor allfarveg finn du desse to småtoppane på Bø. Til liks med dei andre kollane her ute på ytre Bølandet har dei har lite besøk og eit heilt kav og mosk å kome seg opp på sjølv om distansen er relativ kort. Myr, stormose, ulendt og partier med tett sikagran. Likefullt eit fasinerande landskap med bratte småkløfter og skrenter som kjem brått på.

Kart    

Kaupangsholtane

Dato:
21.06.2025
Distanse:
3,9km

Kaupangsholtane er ein furukledd åsrygg med fine og gode stiar og skogvegar. Gunn og eg gjekk ei runde her under årets Lerum cup. Feira 17års bryllupsdag med cookiekjeks på Kronprins Haralds Plass med kongelig utsikt til Sognefjorden.

Kart    

Sollia

Dato:
07.06.2025
Distanse:
8,2km

Gunn og eg på kveldstur til Gurskøyas høgste punkt, Sollia. Gjekk i frå p-plass Moltudalen. Fin og still kveld. Vindstille på toppen kl 22.40

Kart