Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Annen tur (1)
-
Skitur (2)
- Fjellskitur (1)
- Langrennstur (1)
-
Sykkeltur (2)
- Blandet sykling (2)
Lister jeg samler etter
Favoritturer
Favorittopper
Grønelia
- Dato:
- 05.08.2021
- Distanse:
- 3,6km
Lita tue kan velte stort lass. Her var det mange tuer og ingen klar sti, men vi kom no oss rundt. Mange sauderåser på kryss og tvers. Ikkje så lett å finne noken god startstad i Sande. Tilkomstane er sperra og gjort vanskelege. Sjølve toppen Grønelia har ei veldig flott utsikt som er verdt å få med seg. Gjekk først til Lægda(Vasseidet). Med på tur var Gunn C.
Preikestolen
- Dato:
- 01.08.2021
- Distanse:
- 8,6km
Før eller seinare må ein altso legge ut på pilgrimsreisa til Preikestolen. I år tok vi vår tur.
Mange artige folk å sjå på langs ruta og målet for turen er no eit imponerande skue. Den største utfordringa med turen, er vel alle folka som er ute i same ærend. Så eim må bite tenna saman, og heller sjå humoren i det heile. Fint tilrettelagt sti.
Alle opp: Ulrik,Herman og GC.
Solbergfjellet
- Dato:
- 30.07.2021
- Distanse:
- 4,7km
Fin tur til Solbergfjellet med Siri,Lisbeth, OJ, Ulrik,Herman og GC.
Torden i det fjerne gjorde sitt til ein kjappere retur.
Brennåsen og Blåfjell
- Dato:
- 28.07.2021
- Distanse:
- 5,9km
Fin runde i skogen langs spennande stiar.
Sidan vi går på Brendeåsen x-antall gongar på heimebane var det naturleg å leite opp ein topp med liknande namn, og som sin namnebror på Sunnmøre ligg han i skogen. Utsiktpunkt i nærleiken med utsyn mot Kraftkollen.
Fine svaberg å gå på langs denne runda med eit spesielt stort og flott område ved Blåfjell. Her er eit lite naturreservat.
Rødåsen
- Dato:
- 28.07.2021
Kortreist tur.
Spurde fint om bilen kunne få stå på tunet til huset der medan vi gjekk dei få meterane bort på toppen. Utsiktpunkt mot sør ytterst på åsen. Gunn C og Ole J var med bort. Ulrik var sjarmør og smilte til grei nabo ved bilen.
Berdalsnibba og Vasstinden
- Dato:
- 24.07.2021
- Distanse:
- 9,9km
Det vart ein varm tur på Berdalsnibba og Vasstinden saman med Lisbeth,OJ og Gunn C. Starta med frukost på Klovsetsætra før det gjekk bratt oppover lida på fine stiar. Varmen vart litt plagsom idag sjølv om det er litt fole å skrive. Flott tur på ryggenfrå Berdalsnibba og bort til Vasstind. Kryssa uta derifrå og nedover men burde nok gått tilbake og fulgt same veg nedatt.
Nihusen
- Dato:
- 23.07.2021
- Distanse:
- 3,4km
Flott tur i skogen for så bli overvelda av veldig fin topp med god utsikt.
Ikkje så lett å finne rett startstad for oss ukjende , og heller ikkje så god merking om at vi var på rett veg oppover i bratte skogen, men la gå.....spennande det!
Sightseeing på Skodjebrua etterpå, reg. Storholmen 18moh!
