Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Hornhamaren

Dato:
25.08.2024
Distanse:
0,5km
Kart    

Litleåsen

Dato:
13.08.2024
Distanse:
3,2km
Kart    

Litlehornet

Dato:
12.08.2024
Distanse:
2,8km
Kart    

Skålanausa

Dato:
11.08.2024
Distanse:
3,2km

Medan Ulrik var på trening, så rakk eg ein liten tur mellom regnbygene. Rett opp på bratt sti i frå kraftverket i Ulsteindalen. Etter der bratte og mørke oppstigninga(tett med sikagran) følgte eg råsa bortover lyngen på ryggen, over toppen, og snudde der råsa starta å gå nedover igjen. Retur same veg.

Kart    

Litlevatnet

Dato:
06.08.2024
Distanse:
4,3km

Lett trimtur i regveret. Skodda la seg i det eg kom opp til Litlevatnet. Våt sti til området ved høgste punkt på kollen, Tverrvadet eller Tverrberget som det står på kartet. Fann fastmerket også litt lenger nede. Ingen stiar hit.

Kart    

Prins Oscars utsikt

Dato:
04.08.2024
Distanse:
3,3km

Medan gutta var på joggetur, så gjekk Gunn og eg ei runde i Bragernesåsen ved Spiraltoppen. Fint å gå her med eit uttall av stiar og vegar å velje mellom.Sol og varmt. Gjekk til Prins Oscars utsikt- som levde opp til namnet sitt. Møtte gutta ved Klopptjern som vi av nostalgiske grunnar måtte besøke...

Kart    

Kjørsterudsjuvet

Dato:
03.08.2024
Distanse:
4,5km

Spennande tur gjennom Kjøsterudsjuvet saman med Lisbeth, OJ og fam.5. Inngangen ved brua, følg elva vidare. Det var utrulig fasinerande å balansere seg oppover den smale kløfta att med elva. Ein kjenner seg ganske liten med dei steile fjellveggane ovanfor seg på begge sider og sendte ei lita bøn om at dei store steinane ikkje ramla ned denne dagen. Forfriskane bad i Gamledammen etter endt juvvandring.

Kart