Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kruna

Dato:
30.08.2022
Distanse:
0,7km

Lite besøkt liten kolle men like flott og nye kjekke vinklar å sjå verda ifrå. Frå Frøystadskaret litentur-retur.

Kart    

Gurskøya rundt

Dato:
28.08.2022
Turtype:
Blandet sykling
Distanse:
46,9km

Ulrik sykla for første gong øya rundt. Vi hadde dog litt skranglete utstyr, for syklane har tydligvis vore mest brukt til og frå buss og skulen. Og det bar dei også preg av for å sei det sånn. Men eit kjekt ritt mellom bygdene på øya med tidvis spektakuær utsikt. I år var det den 38.utgåva som vart arrangert. Vi kom oss opp Leikongbakkane, så gjekk det greitt vidare, og med rikelig med saftstasjona på vegen rundt, så var det to fornøgde kara som kom i mål med æra og bakdelane i behald!

Kart    

Brendeåsen

Dato:
24.08.2022

Heida

Dato:
23.08.2022

Fillingen

Dato:
21.08.2022
Distanse:
1,1km

Morgontur. Fin plass ut mot havet, tragisk å sjå bort mot vindmøllene på Haramsøya.

Kart    

Haramsneset

Dato:
21.08.2022

Artig fjøretur til Haramsneset på Haramsøya. Dei mange steinformasjonane i fjøra, ja reinaste kunstverka, gjorde dette til ei spennande fjørevandring. Fann "Kyrkja hans Bård" som er absolutt verdt eit kirkebesøk! Med på tur: Ulrik https://xn--lepsy-yua.info/bard-i-nesa/

Goaldet

Dato:
20.08.2022
Distanse:
5,7km

Klassetur til Lepsøya og rakk ein tur til Goaldet saman med John Arne og Are. Storslått utsikt frå toppen. Vidare runde ned til Stikk Ut post på Øvste råsa. Rønnestadhellaren var nær, men den får vi ta ein annan gong.

Kart    

Røddalshornet og Grøthornet

Dato:
14.08.2022
Distanse:
6,2km

Fin og varm tur til Røddalshornet og vidare til Grøthornet, som nok er ein lite besøkt topp. Det er berre ein rask avstikkar bort dit frå den vanlege ruta Røddalshornet-Storetua. I alle fall ein kjekk og lettgått rygg bort med fin utsikt mot Gursken og øyane utanfor samt Stad. Det finst 20 ulike Grøthornet-toppar på ytre Sunnmøre og dette var min sjuande Grøthorntopp. Med på tur var Gunn Cisilie.

Kart    

Røyrafjellet

Dato:
13.08.2022

Røyrafjellet har vel den tørraste stien til topps på øyane her ute og det trengst no for tida. Med på kveldstur var Ulrik og Gunn C.

Brendeåsen

Dato:
10.08.2022