Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Goaldet

Dato:
20.08.2022
Distanse:
5,7km

Klassetur til Lepsøya og rakk ein tur til Goaldet saman med John Arne og Are. Storslått utsikt frå toppen. Vidare runde ned til Stikk Ut post på Øvste råsa. Rønnestadhellaren var nær, men den får vi ta ein annan gong.

Kart    

Røddalshornet og Grøthornet

Dato:
14.08.2022
Distanse:
6,2km

Fin og varm tur til Røddalshornet og vidare til Grøthornet, som nok er ein lite besøkt topp. Det er berre ein rask avstikkar bort dit frå den vanlege ruta Røddalshornet-Storetua. I alle fall ein kjekk og lettgått rygg bort med fin utsikt mot Gursken og øyane utanfor samt Stad. Det finst 20 ulike Grøthornet-toppar på ytre Sunnmøre og dette var min sjuande Grøthorntopp. Med på tur var Gunn Cisilie.

Kart    

Røyrafjellet

Dato:
13.08.2022

Røyrafjellet har vel den tørraste stien til topps på øyane her ute og det trengst no for tida. Med på kveldstur var Ulrik og Gunn C.

Brendeåsen

Dato:
10.08.2022

Brendeåsen

Dato:
09.08.2022

Heida

Dato:
08.08.2022

Vasshornet

Dato:
07.08.2022

Trimtur Gurskøy IL og Stikk Ut. I dag starta vi frå Almestad i Gursken. Vasshornet levde opp til namnet sitt i regnbygene med våt, gjørmete og tidvis glatt sti. Ikkje så rart så mykje nedbør som det har kome i det siste. Med på tur var Gunn Cisilie.

Brendeåsen

Dato:
06.08.2022

Herøy gard

Dato:
05.08.2022

Stikk Ut og på leit etter bumerket på Klosterhaugen. Syns bildet på info.tavla er misvisande når ein skal finne bumerket eller so er det berre vi som ikkje kan å leite. Kjekk liten tur i mellom regnbygene med GC.

Glasåsen

Dato:
29.07.2022
Distanse:
4,4km

Ein av favoritturane dette. Kjekkaste Glasåsen, ei stund sidan siste tur hit. Fineverstur saman med Gunn Cisilie

Kart