Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Solbergfjellet

Dato:
30.07.2021
Distanse:
4,7km

Fin tur til Solbergfjellet med Siri,Lisbeth, OJ, Ulrik,Herman og GC. Torden i det fjerne gjorde sitt til ein kjappere retur.

Kart    

Brennåsen og Blåfjell

Dato:
28.07.2021
Distanse:
5,9km

Fin runde i skogen langs spennande stiar. Sidan vi går på Brendeåsen x-antall gongar på heimebane var det naturleg å leite opp ein topp med liknande namn, og som sin namnebror på Sunnmøre ligg han i skogen. Utsiktpunkt i nærleiken med utsyn mot Kraftkollen. Fine svaberg å gå på langs denne runda med eit spesielt stort og flott område ved Blåfjell. Her er eit lite naturreservat.

Kart    

Rødåsen

Dato:
28.07.2021

Kortreist tur. Spurde fint om bilen kunne få stå på tunet til huset der medan vi gjekk dei få meterane bort på toppen. Utsiktpunkt mot sør ytterst på åsen. Gunn C og Ole J var med bort. Ulrik var sjarmør og smilte til grei nabo ved bilen.

Kart    

Berdalsnibba og Vasstinden

Dato:
24.07.2021
Distanse:
9,9km

Det vart ein varm tur på Berdalsnibba og Vasstinden saman med Lisbeth,OJ og Gunn C. Starta med frukost på Klovsetsætra før det gjekk bratt oppover lida på fine stiar. Varmen vart litt plagsom idag sjølv om det er litt fole å skrive. Flott tur på ryggenfrå Berdalsnibba og bort til Vasstind. Kryssa uta derifrå og nedover men burde nok gått tilbake og fulgt same veg nedatt.

Kart    

Nihusen

Dato:
23.07.2021
Distanse:
3,4km

Flott tur i skogen for så bli overvelda av veldig fin topp med god utsikt. Ikkje så lett å finne rett startstad for oss ukjende , og heller ikkje så god merking om at vi var på rett veg oppover i bratte skogen, men la gå.....spennande det! Sightseeing på Skodjebrua etterpå, reg. Storholmen 18moh!

Kart    

Middagshornet

Dato:
21.07.2021
Distanse:
11,2km

Flott tur til Middagshornet med start frå Høgebakken. Alle med i dag: Siri, Lisbeth, OJ, Ørjan, Herman, Ulrik og GC. Artig tur med flott rygg opp mot toppen med småklyving til slutt, glimrande utsikt til fjell i alle retningar. Særskild flott utsikt til Molladalen. Stjernetur!

Kart    

Tur frå Brandal til Flø

Dato:
20.07.2021
Distanse:
13,0km

Ein utruleg fin tur frå Brandal til Flø. Toppane kom på rekke og rad: Grøthornet, Skolma, Signalhornet, Vesle Signalhornet, Sneldelida, Smørkinna og Veten. Turen vart avslutta med bratt nedstigning til Flø. Lang dagsmarsj i nydeleg ver, storslått utsikt og godt selskap. Med på tur var Lisbeth, Ole Johann og Gunn Cisilie.

Kart    

Gyrinakken og Brendeåsen

Dato:
19.07.2021

Ole Johann, Gunn C & eg i frå gokartbana og hematt. Bildet er ifrå skaret under Gyrinakken mot sør. I myra her ligg røter av særs gamle og store tre.

Egga (Aurvollsegga)

Dato:
18.07.2021
Distanse:
3,1km

Fin kveldstur saman med Lisbeth, Ole Johann og Gunn C.

Kart    

Kvernberget

Dato:
17.07.2021
Distanse:
1,8km

Vindfull tur til topps. God sti på svaberg heile vegen opp og flott rundskue. Siri, Lisbeth, Ole Johann, Ulrik, Herman, Ørjan og Gunn C var med.

Kart