Grøthornet-Jøsok (10.04.2020)
Lite besøk på denne toppen. Vi gjekk opp frå Jøsokdalen ved Rødskar. Sjølve toppen ser derifrå ut som ei borg. Følgde stien retning Vasshornet. Gjekk vidare rett opp i frå der der råsa går inn i Skogadalen og følgde ryggane til topps.
Fin utsikt frå toppen mot Eiksundsområdet.
Må vere litt merksam på mange sprekker ved toppen og bratt utfor kanten, spesielt om ein har med små barn på turen.
Mykje stein i hulter og bulter utfor kanten i retning nordvest.
Vi gjekk nedatt på ryggen retning aust og passerte ein kjekk "bjørn" ( Lisjegrøtet) av ein stein som ligg igjen ifrå alders dage. Den ligg så fint i himmelsjå når ein køyrer opp Jøsokdalen. Bjørnen måtte sjølvsagt bestigast av den yngre garde.
Gjekk oss også på ein hjort som bykste oppover med raske steg,flott syn for oss som går litt saktare...
Etterpå gjekk vi rett ned att til vegen igjen via nokre hjortetrakk.
Kjekk tur.
Kommentarer