Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Traudalsnibba, Gloppen, 1175 moh
- Dato:
- 09.08.2017
Eg og mamsa gjekk opp/ned stien frå Ryggjastøylen. På Nibba hadde vi den siste turen på T-turlista for Gloppen, så no er den ferdig... Eg gjekk opp på sjølve Traudalsnibba, medan mamsa snudde halvvegs bort ryggen.
Hornet Eid, 719 moh
- Dato:
- 07.08.2017
Ettermiddagstur på Hornet med Anne Tove og Jeanett. Vi gjekk opp og ned frå Skareide. Stien var nåke tilvokse i starten, men med flotte blåbær...
Djevelporten, Vågan Austvågøy
- Dato:
- 02.08.2017
Etter rib-safari i Trollfjorden, hadde vi tenkt oss på Fløya, men snudde på Djevelporten pga tåke som kom på toppen. I staden gjekk vi bort til Svolværgeita og såg på dei som klatra opp dit...
Det var tydeleg sti heile vegen + merka. Eg måtte jo opp på Djevelporten, når vi først var der!
Delpen - Gjersvollheia, Austvågøy, 424 moh
- Dato:
- 01.08.2017
Sightseeingtur i dårleg ver, men tok oss tid til ein tur.. Vi gjekk opp frå Delp og opp på Delpen og litt vidare opp på kanten, til Gjersvollheia. Derifrå kunne vi ha gått vidare på sti opp på Matmora, men vi snudde pga tida og veret... Vått og sleipt ned att!
Hoven, Vågan, 368 moh
- Dato:
- 31.07.2017
Vi starta frå tennisbana på Hov. Veldig tydeleg sti, og berre 43 minutt opp, men bra utsikt likevel :) Fin sol, men det bles ein del på toppen...
Himmeltinden, Vestvågøy, 931 moh
- Dato:
- 29.07.2017
Vi gjekk frå Haukland, opp den gamle anleggsvegen/stien og vidare opp tydeleg sti til Himmeltinden Sør. Eg lurte på å gå bort på den høgste toppen, med NATO sitt varslingsanlegg, men dei lokale sa at nesten gjekk dit bort pga strålingsfaren... Endå ein nydeleg dag med flott utsikt :) Bading i sjøen etterpå!
Reinebringen, Reine i Lofoten, 448 moh
- Dato:
- 27.07.2017
Vi gjekk frå Reine, bortetter langs vegen. Opp var det tydeleg sti og ganske bratt. Eit stykke på vegen hadde det blitt lagd sherpasti/trapper. Litt laus grus og mykje støv ned att... Utruleg flott utsikt frå toppen, ned mot Reine og rundt omkring! 1 time opp, med Anne Tove og Konrad.
Dronningruta: Botnkrona - Grytfoten, Alstadhaug, 1071 moh
- Dato:
- 25.07.2017
Vi gjekk Dronningruta (Dei 7 søstre) på Alstadhaug. Turen var tydeleg merka, med tau til å klatre med oppover svaberga. Vi gjekk først opp på Botnkrona, toppen lengst mot nord. Litt klyving mot slutten, flott utsikt på heile turen. Frå toppen såg vi i alle retningar!
Vidare gjekk vi ned att til ca 850 moh og runda rundt Botnkrona og gjekk bort til neste topp. Der runda vi og rundt, og hadde litt klyving til toppen av Grytfoten.
Ned att vart det endå meir svaberg! Sidan veret var fint og det var heilt tørre, litt knudrete berg, var dette heilt uproblematisk. På vegen ned bada vi i eit par KALDE kulpar, for å kjøle oss litt ned :)