Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Gjennom Torghatten, Brønnøysund, 150 moh

Dato:
24.07.2017

Sightseeing: Måtte jo berre gå gjennom Torghatten, på veg nordover med Anne Tove :)

Kart    

Gjølruta, Hoven, Stryn 1008 moh

Dato:
21.07.2017

Vi tok bana opp denne gongen - måtte jo prøve den! Vi gjekk bakover på stiane der, på Gjølruta. Kort og fin tur, med mamsa og pappsen.

Kart    

Ryggjastøylen - Sessegga - Holsegga, Gloppen, 1344 moh

Dato:
19.07.2017

Langtur med mamsa, i strålande ver. Vi køyrde ein bil i Hyen dagen før og gjekk over fjellet frå Rygg til Hyen. Vi parkerte ved Ryggjestøylen og følgde fin sti opp til Berdalsegga, Morafta og Sessegga. Derifrå var det ein og annan varde over til Holsegga. Opp dit gjekk vi opp nokre snøbear, den siste ganske lang og bratt. Frå toppen var det merka ned til Holmestøylen, men øverst var det sparsomt med måling... Der var nokre stilige "vegar" i terrenget, der det såg ut som om nokon hadde skyfla vekk stein :) Litt bratt ned til støylen, men fin sti/merking på nederste delen. Totalt brukte vi over 7 timar på turen...

Kart    

Rasmusskarholten, Hyen, 297 moh

Dato:
18.07.2017

Eg og mamsa tok ein liten trimtur i Hyen, då vi likevel skulle ut dit for å parkere bilen til neste dag. Fann ein 50 meterstopp på lista... Vi gjekk sti opp til ei mast. Ned att ville vi gå meir direkte på vegen, og enda opp nedover ein bratt bakke, der vi tråkla oss nedover. Litt sleipt/skliing her og der, men vi kom oss no ned :) Idyllisk, lite vatn der: Rørvikvatnet.

Kart    

Støyvastøylen, Breim, 840 moh

Dato:
12.07.2017
Kart    

Helsethornet/Tua, Eid/Volda, 1008 moh

Dato:
10.07.2017

Vi køyrde inn til enden av vegen i Fladalen og gjekk opp stien derifrå. God merking i starten, men så vart det meir utydeleg (gått tom for måling?) Tur med mamsa.

Kart    

Staurdalsegga, Eid/Vanylven, 787 moh

Dato:
07.07.2017

2.gong på denne toppen - 2.gongen med regn og vind... Jaja, denne gongen fekk vi i alle fall sett litt av utsikta. Opp og ned frå Lefdalssætra. Kveldstur med Jeanett.

Kart    

Ljøsuregga - Storetoren, Eid, 1210 moh

Dato:
05.07.2017

Første gongen på Storetoren :) Eg og Kari gjekk opp i Kjenndalen og vidare opp ura til Ljøsureggja. Denne gongen våga i oss ned skaret over til Storetoren og! Ikkje noko problem, så lenge ein tok det med ro...

Kart    

Mardalsstøylen - Svartekari, Gloppen, 1220 moh

Dato:
04.07.2017

Eg og mamsa gjekk på Svartekari frå Mardalsstøylen. På skiltet stod det umerkt, men det var tydeleg merka heile vegen :) Ikkje dekning her, heller, så det vart inga Sjekk Ut...

Kart