Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Trivselsskogen, Gloppen, 359 moh
- Dato:
- 31.08.2024
Rundtur i Trivselsskogen med mamsa. Opp til Holvikfossen, ned att til Draumekvila.
Vedviknibba, Stad, 729 moh
- Dato:
- 28.08.2024
Gålaget på rundtur. Vi starta turen i Vedvika, opp stien til toppen. Nedatt gjekk vi stien ned til Tua, deretter langs vegen ned til kraftstasjonen og ned skogen tilbake til bilane. Det var byrja å bli litt mørkt nede i skogen... Litt regn opp skogen, men etterkvart bra ver.
Ledvatnet - Dua, Stad, 785 moh
- Dato:
- 15.08.2024
Gålagstur til Dua, via Ledvatnet. Vi gjekk same rundturen som eg og Elin gjekk opp i november i fjor. Ein del vind på toppen, litt småregning, men mykje betre enn det som var meldt..
Strupen, Breim
- Dato:
- 11.08.2024
Slektstreff på Myklebust i Breim. Søndagen hadde vi tur opp til fossane (Strupen). Flott utsikt og mektig vassføring. Laurdagen var fossane større... Berre medlemer frå Jakobslekta stilte på på denne turen, resten gjekk vegen opp til kraftverket nedom Strupen.
Tarvaldsegga, Selje, 645 moh
- Dato:
- 08.08.2024
Gålagstur i ytre. Turen starta frå Sandvikseidet, i øsepøsande regn og litt vind. Etter kvart gav regnet seg, men med meir vind, så då tørka vi opp.. Fint ver resten. Sherpatrappene oppe i ura var nesten klare (bra oppe i ura), så det var kjekt å få med seg.
Nedatt gjekk vi sti ned til Selje sentrum, via dagsturhytta Sjøglytt. Frå trappene og ned mot den opparbeida stien ovanfor dagsturhytta var det mykje gjørmete sti.. Men der dei hadde forbetra stien var det bra nedover. Tretrapper periodevis ned frå dagsturhytta.
Sundssætra, Stryn, 415 moh
- Dato:
- 01.08.2024
Kort tur, med fin sti, opp til Sundssætra i Oldedalen med Mariann. Bra utsikt. Etter turen var vi på Yrineset og legde kajakk. Heilt blikkstille på vatnet - herleg!