Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Lotsbergnibba, Eid, 817 moh
- Dato:
- 29.05.2024
Ny, fin tur med Stad gålag, i varmt og fint ver. 19 stk. på tur, flott utsikt og god stemning,
Midtresholten, Gloppen,
- Dato:
- 25.05.2024
Eg, mamsa, tante Sissel og Elin testa ut T-tur i Gloppen, for mogleg gålagstur neste år. Fin tur, bra utsikt og passe lengde. Vi gjekk ein rundtur, frå parkeringa nær Fitjevårstøylen, opp til toppen og rute ned att på andre sida, etter kvart samanfallande med stien frå Arnestadfjellet.
Revjehornet, Stad, 426 moh
- Dato:
- 23.05.2024
Ny, fin dag, med Stad gålag på tur. Vi gjekk frå Borgundvågen, opp sti til Revjehornet. 31 stk. på tur fekk verkeleg nyte utsikta. Då vi kom ned att, handla vi kald drikke på gardsutsalet der: Bølgebrus, Solstikk og solbærsaft :)
Hanekamben, Vågsøy, 652 moh
- Dato:
- 15.05.2024
Gålagstur i ytre, frå Deknepollen til Hanekamben. Vi gejkk stien opp frå byggefeltet. Skikkeleg varmt og tungt opp bakkane... Fordelen var at sikta og utsikta vart bra! 12 stk. med på turen.
Kyststien, Tønsberg tønne, 38 moh
- Dato:
- 11.05.2024
Drammenshelg, med tur til Sandefjord. Vi gjekk Kyststien til Tønsberg Tønne. Godt opparbeidd stinett, langs kysten og i skogen.
Gildra, Alsakersætra, Eid, 420 moh
- Dato:
- 08.05.2024
Rundtur med Stad gålag. 11 stk. gjekk frå Rindane, opp forbi Gildra og veg, deretter sti opp til Alsåkersætra. Tilbake gjekk vi stien opp mot Rindehornet og ned Raudestrekråsa. Bittelite parti med snø, på veg opp dit..
St Synnevahornet, Vågsøy, 689 moh
- Dato:
- 04.05.2024
Eg, Åsta, Perny og Merete gjekk inn Austadalen og stien opp til Sankta Synnevahornet. Nydeleg dag, nok ein gong. Dermed var det duka for fin utsikt frå toppen!
Naustdalskamben, Eid, 473 moh
- Dato:
- 02.05.2024
Gålaget gjekk ruta til dagsturhytta på Naustdaleskamben frå Stårheimssida, Remmedalen (Føllesdal)- Fin sti, og kjekt med ny rute. Varmt og godt! 14 stk. på tur.
Alskartinden og Gangeskaregga, Flatraket, 581 moh
- Dato:
- 01.05.2024
Eg og Elin på tur i Ytre, Flatraksdalen. Litt varierande ver, med regnbyger oppover mot Alskartinden, men deretter letta det, og temperaturen steig. Vi vil nok setje opp tur på Gangeskaregga med gålaget neste år. Var fin, godt merka sti på tvers ned att i Flatraksdalen frå Gangeskaregga. Vi gjekk inn dalen først, og opp på Alskartinden.