Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Snøfjellet, Gloppen, 1006 moh

Dato:
07.10.2024

Ettermiddagstur på Snøfjellet, med Jannike og Borgny. Vi parkerte nedanfor Kvilestøylen, og gjekk stien opp til Tisthamsskaret og opp til toppen. Ned att gjekk vi stien eit stykke, så gjekk vi rett ned, til vi kom inn att på stien ned til Kvilestøylen. Enda ein fin ettermiddag.

Kart    

Lonevatnet, Gloppen, 270 moh

Dato:
07.10.2024

Sopptur i Ura, til Lonevatnet, med mamsa Finehaustfargar.

Myklebuststøylen, Gloppen

Dato:
06.10.2024

Formiddagstur til Myklebuststøylen, Breim, med mamsa. Litt småregn, men ok.

Høynessætra - Legene- Røssdammen, Stad, 400 moh

Dato:
19.09.2024

Siste gålagsturen for i år. Fin haustkveld med sol og bra utsikt. Vi gjekk frå Høynes, opp fine, gamle steintrapper til Høynessætra, Vidare gjekk vi inn til Legene (delvis sti) og deretter på sti ned til Røssdammen. Sist eg gjekk frå Legene og ned dit, var då eg trakka over og halta av garde... Vi gjekk på skogsveg ned att til Høynes.

Stigane - Fossane, Stad, 630 moh

Dato:
18.09.2024

Felles fjelldag på EUS. Eg gjekk med gjengen som skulle på mellomste turen: frå skulen opp Hogaåsen til vegen opp frå Alsaker til Stigane. Der hadde vi matpause, før vi gjekk vidare over til Fossane og ned vegen til skulen. Fin dag på jobb.

Kart    

Bekslehornet, Vanylven, 606 moh

Dato:
11.09.2024

Gålagstur, litt utanfor Stad kommune, til Bekslehornet. Vi gjekk på sti opp/ned frå Beksle (Maurstadeidet). Ok ver på veg opp, regn og vind på veg ned...

Kart    

Trivselsskogen, Gloppen, 359 moh

Dato:
05.09.2024

På tur med 8.klasse til Sandane og Trivselsskogen. Vi gjekk same runda som eg gjekk sist: opp til fossen, ned att til Draumekvila. Tåka letta etter kvart...

Kart    

Helsethornet, Stad, 1012 moh

Dato:
04.09.2024

Gålagstur til Helsethornet/Tua. Vi parkerte inne ved Movatnet og gjekk stien opp/ned til Helsethornet. Ein nydeleg haustkveld!

Kart    

Hallehornet - Middagshornet, Ørsta, 1090 moh

Dato:
01.09.2024

Fellestur med MNT, til Romedalen, der eg var medturleiar med Frode. Ein heilt strålande dag, uten ei sky på himmelen. Biletbonansa... Vi parkerte ved Steinstøylen og gjekk stien opp til Hallehornet og følgde egga bortover til Middagshornet. Vi såg heilt til Molladalen. Ned att følgde vi ein sti som gjekk tilbake langs fjellrekka og tilbake dalen til støylen.

Kart    

Trivselsskogen, Gloppen, 359 moh

Dato:
31.08.2024

Rundtur i Trivselsskogen med mamsa. Opp til Holvikfossen, ned att til Draumekvila.

Kart