Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Lidasætra - Lidavarden, Eid, 849 moh

Dato:
31.05.2021

Måtte opp att på Lidasætra med nokre få merkepinnar til, då nokre hadde litt problem eit par stader... Sidan Jeanett ikkje hadde vore på Lidavarden før, gjekk vi opp dit og ned att på "baksida" og rundt, tilbake til sætra. Varmt og fin sol, denne kvelden og..

Kart    

Kråkhornet, Eid, 861moh

Dato:
28.05.2021

Merking av T-tur Eid, Lindvikdalen Grillhytte og Kråkhornet. Flott utsikt i ope terreng. Nydeleg dag med strålande sol :) Der var delvis sti opp langs kraftlinja og noko lite deretter, men elles ikkje merka. Dette førte til at eg hadde for lite måling, og måtte opp att seinare...

Kart    

Galten - Kornbergveten, Volda, 577 moh

Dato:
23.05.2021

Vi køyrde til Folkestadsætra og gjekk opp skogsveg, så utover myrane til Galten og vidare til Kornbergveten. Same veg tilbake. Skiftande ver, med vind og nokre få regndropar. På Galten var det kø for bilettaking, så vi gjekk til Kornbergveten først og tok foto etterpå..

Kart    

Hornet, Eid, 719 moh

Dato:
22.05.2021

Eg og Anne Tove gjekk frå Sørland via Hamnessætra, opp på Hornet. Tilbake same veg.

Kart    

Mjelkebakksteinen, Gloppen

Dato:
15.05.2021

Ny t-tur Gloppen med mamsa. Vi gjekk frå parkeringa ved skytebana og stien forbi Bjørkelostøylen. Var lenge sidan eg hadde vore opp til Mjelkebakksteinen. Den ligg halvvegs oppe i sida, på veg mot Vora. Fint utsyn ned til Byrkjelo, med bratt stigning på tydeleg sti. Snøen hadde nettopp smelta her...

Kart    

Busperstova - Arnestadstøylen, Gloppen

Dato:
14.05.2021

T-tur Gloppen. Gjekk "Ormen Lange" frå Busperstova, langs Langedalsvatnet og inn til Arnestadstøylen. Kort og lett tur med mamsa, i idylliske omgjevnader.

Myklebuststøylen - Veiteberg

Dato:
13.05.2021

Tur gjennom Dalen med mamsa og tante Sissel. Det var i tidlegaste laget, då det var ein god del roten snø og våte bein... Men fin tur, likevel. Strålande sol :) På grunn av tida, var ikkje bruene lagt ut, så vi gjekk på høgre sida frå støylen (vassverket) og forbi Kalvehytta. Tante Turid møtte oss på Bakkestøylen.

Kart    

Norsætra, Stad,

Dato:
09.05.2021

T-tur 2021. Formiddagstur med Torhild. Parkerte på Kviene, følgde skogsvegen, til den gjekk over i tydeleg sti heilt opp. Nokre snøflekkar lengst oppe. Fekk berre nokre dropar regn..

Indre til Ytre Fure - Furehornet, Stad, 212 moh

Dato:
01.05.2021

Fin søndagstur frå Indre til Ytre Fure. Sidan vi var der ute, måtte vi utforske litt, så då gjekk vi rett opp lia, og kom opp til ruinar frå fleire fjøs. Vi fortsette vidare, til vi såg over til sjøen på andre sida, og var oppom ein topp på veg tilbake: Furehornet. Ned att fann vi ein litt utydeleg sti, som vi kom oss ned på. Såg hoggorm i graset... Flott utsikt frå toppe, utover sjøen og herleg dag, med Anne Tove.

Kart