Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Lidasætra, Stad, 378 moh
- Dato:
- 26.04.2021
T-tur frå Lidene til Lidasætra, Haugen. For meg var dette ei ny og fin rute opp. Pga. skogsarbeid vart det for skite å gå opp den "vanlege" vegen, frå bustadfeltet. Men frå Lidene var det først skogsveg, deretter mera sti opp. Litt snø endå, men andre hadde trakka spor, så det gjekk fint :)
Bjørneskarnakken Eid, 607 moh
- Dato:
- 19.04.2021
Trugetur med Anne Tove, etter jobb. Var overraskande fin temperatur. Fram og tilbake frå Hanshjellen.
Bergsetnakken, Stryn, 1133 moh
- Dato:
- 18.04.2021
Rando på Bergsetnakken med Anne Tove og Jeanett. Vi gjekk frå skibakken. Litt tungt å gå, og litt tung snø i starten på veg ned, men så kjempeforhold :)
Snøfjellet, Gloppen, 1006 moh
- Dato:
- 17.04.2021
Skitur på Snøfjellet, via Fløtravarden med mamsa. Nydeleg tur i sola :) Litt vind på toppen av Snøfjellet, men heilt stilt på Varden. Gjekk med felleski.
Raudgrøtegga, Stad, 866 moh
- Dato:
- 11.04.2021
Skitur (2 på truger, 4 på ski) frå Heggjadalen til Raudgrøtegga. Vi gjekk opp Raudgrøtdalen og rende ned att ved Mosenausen. Mykje snø, så det var tungt for dei som gjekk først... Påskestemning :)
Trivselsskogen - Bjørnehiet - Fosseteateret, Gloppen, 359moh
- Dato:
- 02.04.2021
T-tur til Bjørnehiet. Eg og mamsa gjekk frå Trivselsskogen og bort stien mot Holvikstøylen. Tanken var å gå frå Holvikstøylen og sti bort og ned til Bjørnehiet. På veg oppover såg vi ein merka sti rett opp frå skogsvegen, i rett retning, så då tok vi den, og havna der vi hadde tenkt. Tilbake gjekk vi på ein (for oss) ny sti bort til andre sida av elva ved Fosseteateret. Der var det no bru over elva. Kjekt med ny runde i skogen :) Vi gjekk den vanlege runda ned forbi Utsikten, forbi Draumekvila og ned gjennom Kjærleiksskogen.
Dimma - Åsebøvatnet - Vetestova, Gloppen, 634 moh
- Dato:
- 01.04.2021
T-tur Gloppen med mamsa og tante Sissel. Vi køyrde til Dimma og gjekk på tydeleg sti derifrå, forbi Åsebøvatnet til Vetestova og attende.