Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Hornet, Eid, 719 moh
- Dato:
- 22.05.2021
Eg og Anne Tove gjekk frå Sørland via Hamnessætra, opp på Hornet. Tilbake same veg.
Mjelkebakksteinen, Gloppen
- Dato:
- 15.05.2021
Ny t-tur Gloppen med mamsa. Vi gjekk frå parkeringa ved skytebana og stien forbi Bjørkelostøylen. Var lenge sidan eg hadde vore opp til Mjelkebakksteinen. Den ligg halvvegs oppe i sida, på veg mot Vora. Fint utsyn ned til Byrkjelo, med bratt stigning på tydeleg sti. Snøen hadde nettopp smelta her...
Busperstova - Arnestadstøylen, Gloppen
- Dato:
- 14.05.2021
T-tur Gloppen. Gjekk "Ormen Lange" frå Busperstova, langs Langedalsvatnet og inn til Arnestadstøylen. Kort og lett tur med mamsa, i idylliske omgjevnader.
Myklebuststøylen - Veiteberg
- Dato:
- 13.05.2021
Tur gjennom Dalen med mamsa og tante Sissel. Det var i tidlegaste laget, då det var ein god del roten snø og våte bein... Men fin tur, likevel. Strålande sol :) På grunn av tida, var ikkje bruene lagt ut, så vi gjekk på høgre sida frå støylen (vassverket) og forbi Kalvehytta. Tante Turid møtte oss på Bakkestøylen.
Norsætra, Stad,
- Dato:
- 09.05.2021
T-tur 2021. Formiddagstur med Torhild. Parkerte på Kviene, følgde skogsvegen, til den gjekk over i tydeleg sti heilt opp. Nokre snøflekkar lengst oppe. Fekk berre nokre dropar regn..
Indre til Ytre Fure - Furehornet, Stad, 212 moh
- Dato:
- 01.05.2021
Fin søndagstur frå Indre til Ytre Fure. Sidan vi var der ute, måtte vi utforske litt, så då gjekk vi rett opp lia, og kom opp til ruinar frå fleire fjøs. Vi fortsette vidare, til vi såg over til sjøen på andre sida, og var oppom ein topp på veg tilbake: Furehornet. Ned att fann vi ein litt utydeleg sti, som vi kom oss ned på. Såg hoggorm i graset... Flott utsikt frå toppe, utover sjøen og herleg dag, med Anne Tove.
Lidasætra, Stad, 378 moh
- Dato:
- 26.04.2021
T-tur frå Lidene til Lidasætra, Haugen. For meg var dette ei ny og fin rute opp. Pga. skogsarbeid vart det for skite å gå opp den "vanlege" vegen, frå bustadfeltet. Men frå Lidene var det først skogsveg, deretter mera sti opp. Litt snø endå, men andre hadde trakka spor, så det gjekk fint :)
Bjørneskarnakken Eid, 607 moh
- Dato:
- 19.04.2021
Trugetur med Anne Tove, etter jobb. Var overraskande fin temperatur. Fram og tilbake frå Hanshjellen.
Bergsetnakken, Stryn, 1133 moh
- Dato:
- 18.04.2021
Rando på Bergsetnakken med Anne Tove og Jeanett. Vi gjekk frå skibakken. Litt tungt å gå, og litt tung snø i starten på veg ned, men så kjempeforhold :)