Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Fannstøylen - Blåfjell, Eid 951 moh
- Dato:
- 23.08.2021
Eg og Reidun gjekk på ettermiddagstur i Stårheimsdalen, til Fannstøylen og vidare på Blåfjellet. Vi fann fint stien til elva og eit stykke til oppover, men så forsvann stien... Ingen problem å finne toppen, uansett... På veg ned att fann vi ein annan sti, som vi kunne følgje eit godt stykke, men som deretter forsvann. Då gjekk vi berre i retning stikrysset mot Løysingevatna, og følgde stien, som var tydeleg nedatt derifrå.
Botnafjellet, Gloppen, 1572 moh
- Dato:
- 22.08.2021
Vi køyrde opp til Kandalsstøylen og gjekk opp og ned derifrå. Dette var ein av årets T-urar i -Gloppen, den lengste. Eg hadde med meg mamsa og Elin L, som ikkje hadde vore i Kandalen før. Ho likte godt turområdet :) Turen vart merka opp att denne dagen, så opp langs kanten på sjølve fjellet var det heilt nye, raude merke, og ingen problem å følgje merkingane. Vi var nedom Øykjaheivatnet på oppoverturen, sidan det var ein T-turpost der og. Herleg solskinsdag. På toppen møtte vi på Torleiv og co.
Skareide - Hornet, Eid, 719 moh
- Dato:
- 16.08.2021
Ettermiddagstur med Mariann M. Vi gjekk både opp og ned frå Skareide. M. hadde ikkje gått den ruta før.
Sjåstadvarden, Libbera, Geithornet, Nobba, Stad 515moh
- Dato:
- 08.08.2021
Ny tur i ytre med Anne Tove. Denne gongen gjekk vi på motsett side av ruta til Mosekleivhornet. Start Dragseidet. Vi gjekk ein "trekant": først på Sjåstadvarden, deretter Libbera, så over til Geithornet og tilbake langs Sjåstadvarden, via Nobba. Ganske tørt på myrane og heilt ope terreng heile turen.
Lotsbergnibba, Eid 890 moh
- Dato:
- 06.08.2021
Siste T-turen til Eid 2021. Eg og Anne Tove gjekk stien opp/ned frå Lotsbergstøylen. Tørt og fint å gå, og nydeleg utsikt ut/inn fjorden :)
Rantane, Gloppen
- Dato:
- 04.08.2021
T-tur Gloppen 2021: Eg og mamsa gjekk opp/ned frå Dalen. Godt merka sti opp til varden, der vi såg ned på Gjengedalsstøylen og vatnet der.
Fløtravarden, Gloppen, 869 moh
- Dato:
- 03.08.2021
Eg og mamsa gjekk denne gongen opp/ned frå Steffastøylen til Varden.
Klovane, Stryn 982 moh
- Dato:
- 01.08.2021
Oldedalen - vi byrja turen frå Oldedalen camping. Godt merka sti opp bakkane. Første delen gjekk vi i skog, men med nokre glimt av utsikta undervegs. Nokre få klyv, men det var lagt ut kjetting eit par stader, så det var heilt uproblematisk. Herleg utsikt frå toppen og ned i vatna, som hadde ein heilt "unaturleg" grønfarge :) Eg og Anne Tove bada i Oldevatnet etterpå!
Lisjeblæja - (Store-) Blæja, Vanylven 1143 moh
- Dato:
- 30.07.2021
Vi var ca 20 stk i følget, m.a. Elin, Anne Tove og Jeanett. Vi parkerte på Londgjerda/Liserøfsdalen. Derfrå var det slakk stigning inn til Røfsdalsvatnet. Der var det ei bra stigning, så opp forbi Jolsvatnet og Raudesteinen og vidare opp på Lisjeblæja. Vi gjekk bort egga og opp på (Store-) Blæja. Litt tåke på toppen, men vi fekk sett mesteparten av den flotte utsikta :) Ein ny varm og fin tur! Retur ned bratt grasbakke, mellom to renner. Toppen er ein av toppane på sikteskiva på Haugsvarden.
Romsdalseggen, Rauma 1216 moh
- Dato:
- 28.07.2021
Turen starta på Venjedalssætra (buss dit frå Åndalsnes). Første delen av turen gjekk opp mange trappetrinn. Då vi kom over skogen, opna landskapet seg meir opp, og vi såg fjellrekka bortover. Så byrja vi oppover, på svingete sti til starten på sjølve Romsdalseggen. Høgt utføre på eine sida, men ikkje på den andre, så det gjekk greitt å gå. Nokre stader var det hengt opp kjettingar, som var fine å halde seg i. Spennande og kjekk tur! Etter pause på Eggen kafe byrja vi nedstiginga på trapper, trapper og trapper, deretter sti med ein del røter... Sidan det var laang kø ved Rampestreken, droppa vi å stoppe for bildetaking der..