Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Nordsjøløypa på Sotra, Keipen, 60moh.

Dato:
30.06.2020

Utruleg at ein kan få utsikt med så få høgdemeter... Vi gjekk ein rundtur, der vi m.a. var nedom ei grotte (Bekhidleren), ein berre kunne gå inn i ved lågvatn. Vi var ikkje heilt inn, men fekk kika inn, før sjøen steig.. Nydeleg dag på Sotra. Bildebonansa igjen... :) Med Elin, Reidun, Kari og Randi K.

Kart    

Sotra, padling

Dato:
29.06.2020

Kajakkpadling rundt i området, Austefjorden. Vart lang tur - 4,5 time, rundt store delar av Toftøya. Pga. sjøen tok vi inn eit trangt sund (Hummelsundet) og inn i ei vik (Vestra Sælsvika), der vi måtte bere kajakkane 750meter (til Austra Sælsvika)... Så padla vi til utgangspunktet - Panorama Hotell Resort (rorbu). Med Kari, Randi K, Reidun og Elin.

Fløien - Rundemanen Vest, 557 moh

Dato:
28.06.2020

Vi fekk igjen for å ønske oss drikke/vatn dagen før... Denne dagen hadde vi pissregn og tåke... Tok bana opp. Vi såg ikkje masta på toppen av Rundemanen, så vi snudde på Rundemanen Vest, og drakk kaffi på Brushytta i staden.. Men Reidun, Elin og May Kristin. Gjekk ned att Fløifjellsvegen.

Kart    

Lyderhorn - Damsgårdsfjellet, Bergen, 396 moh

Dato:
27.06.2020

Varm (!!) dag i Bergen... Gjekk frå Gravdal, opp på Lyderhorn. Nedatt mellom fjella og opp på Damsgårdsfjellet og ned att til Laksevåg. Ikkje muleg å fylle på med drikke før vi var nede i Laksevåg... Med Elin L, May Kristin og Reidun.

Kart    

Hornindalsvatnet

Dato:
17.06.2020

Ikkje tur i dag, men padling i kajakk, Hornindalsvatnet :) Med Åse Huse, Reidun, Kari, Elin, Monica T, Inger Janne.

Branden, Eid, 707 moh

Dato:
10.06.2020

Måtte ha ny tur, for å ha nok merke...

Kart    

Branden, Eid, 707 moh

Dato:
05.06.2020

Merking av T-tur 2020. Opp og ned frå Lote (Årskogvikja). Med Anne Tove.

Kart    

Åsefjellnyken, Eid,684moh

Dato:
02.06.2020

Merking av T-tur MNT 2020.

Kart    

Hunvikfjellet og Veten, Eid

Dato:
01.06.2020

Hengekøyetur med Kåre og Anne Tove, Hunvikfjellet. Tur opp/ned stien på Veten med Anne Tove dagen etter.

Kart