Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Bjørlovatnet - Ytre Lotsskaret, 642 moh
- Dato:
- 20.10.2019
T-tur Eid 2019 fullført. Var på Bjørlovatnet og Loteskaret og henta inn tang og kasse. Gjekk frå tunnelen og opp på Bjørlovatnet og vidare opp i skaret. Litt vanskeleg å finne stien opp i skaret, langs elva, sidan den var utydeleg. Gjekk ein annan, utydeleg sti ned att til Bjørlovatnet. Fint ver, med sola var på andre sidan av dalen...
Svartegga, Eid, 1047 moh
- Dato:
- 13.10.2019
T-tur Eid med Anne Tove. Vi parkerte på Lotsstøylen og gjekk oppover vegen og inn dalen til Maragjølsbakken. Hadde ikkje gått inn den dalen før - veldig flott! Så gjekk vi opp på Svartegga og ned att til der vi tok av frå vegen. Snøen bar, så det var lett å gå opp/ned Svartegga. Aldeles nydeleg dag!
Mardalsstøylen, Gloppen
- Dato:
- 11.10.2019
T-tur Gloppen med mamsa fullført :) Gjekk opp stien til sætra. Ned att gjekk vi over ei hengebru til Søreidestøylen og ned att vegen derifrå til parkeringa.
Føleidestøylen/Ryestøylen, Gloppen
- Dato:
- 10.10.2019
T-tur med mamsa. Gjekk opp skogsvegen frå Føleide. Fin utsikt ut fjorden.
Holvikestøylen, Gloppen
- Dato:
- 10.10.2019
Ny T-tur med mamsa. Vi køyrde opp skogsvegen forbi Leirstøylen. Frå parkeringa gjekk vi "rett på" uten sti. Tilbake gjekk vi skogsvegen rundt (vegen forbi støylane).
Kjenndalen, Eid, 810 moh
- Dato:
- 07.10.2019
Trimtur til Kjenndalshytta, med Line, opp og ned frå Furuhogane.
Lidasætra - Lidavarden, Eid, 849 moh
- Dato:
- 06.10.2019
T-tur Eid, med Vivian. Vi gjekk opp og ned frå Lidasætra. Stilt og fint ver :)