Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Eggene - Svarthammaren, Gloppen, 998 moh

Dato:
27.07.2018

T-tur med mamsa, på andre sida av Gloppefjorden. Vi køyrde opp til Austrheimsstøylen og gjekk opp råsa til Kvanndalen. Eigentleg hadde vi tenkt oss på Svarthammaren og deretter Svinestranda, men så såg eg at vi kunne gå ein rundtur bortom Eggene, som er på Gloppelista mi, så då gjorde vi det i stadenfor. Pga litt for lite tid, valde vi då å kutte ut Svinestranda, for der hadde vi jo vore mange gongar før...

Kart    

Eikeneshesten, Gloppen, 1093 moh

Dato:
26.07.2018
Distanse:
6,7km

Ny T-tur med mamsa. Denne gongen med "klatring" på Hestenesøyra... Vi køyrde opp på Hestenesstøylen og tenkte vi ville ha ein rundtur, så vi følgde stien/vegen i Hestedalen eit lite stykke, før vi tok opp skogen/lia. Det gjekk for så vidt greit, men vi såg at det hadde vore endå opnare på andre sida av ei lita elv til venstre.. Då vi kom opp til siste delen av fjellet, burde vi gått langt til venstre, inn til gjølet. Men.. det gjorde ikkje vi. Først prøvde vi å sjå kor langt det var rundt til høgre, til stien frå Eikenesstøylen. Det vart for langt, så vi prøvde oss rett opp og til venstre. Vi kom ganske langt, men måtte til slutt gje opp, då vi ikkje kom oss opp der. Det var like før vi gjekk oss "skorfeste" på heile greia! Heldigvis kom vi oss >>>

Kart    

Ossætra, Eid, 422 moh

Dato:
17.07.2018

Formiddagstur med Line. Vi fann ut at det var meir behageleg med tur på føremiddagen enn om kvelden.. Pax var og med.

Kart    

Holtrane - Mehaugen, Hyen, 652 moh

Dato:
16.07.2018

Vi køyrde til Gjengedalsstøylen og tenkte vi ville følge ein liten sti, som var merka på kartet. Jadda... Greit terreng å gå i, men vi såg ikkje så mykje til den stien... Tilbake gjekk vi ned på vegen og følgde den siste halva tilbake til bilen. Målet for turen var og Aastøylen, der vi hadde ein T-turpost.

Kart    

Aostadalen, Italia,

Dato:
10.07.2018

Vandring i skulpturlandskap, bokstaveleg talt! Langs stien, i trea og bak busker... var det plassert/ hengt opp trefigurar, av menneske, gnomar, dyr, insekt, fuglar, etc. Det var artig å gå rundt neste sving eller kike opp i neste tre, for å sjå kva som dukka opp. Vi gjekk opp til ein Refugio og opp sida, til ein liten topp og ned att der, slik at det blei ein rundtur. Totalt 12,3 km og 5,5 time denne dagen, på motsett side av dalen i høve Pila. Vi starta på 1780 moh og var på høgaste punkt: 2600 moh. Vatningsanlegga stod på nede på bøane og då vi vandra der, var det eit yrande liv av insekt! I tillegg til alle blomstrane..

Pila: Tsa Sètse (2815), Punta Monpers, etc, Italia, 2793 moh

Dato:
09.07.2018

Vi køyrde på motsett side av Aostadalen (i forhold til dagen før), til Pila. Der tok vi ein skiheis opp og vandra bortover og oppover. Vi gjekk opp til Tsa Sètse (2815 moh), bortover ein delvis smal rygg, via fleire toppar. Høgaste punkt: 2825 moh, 14,5km totalt. Vi var innom Punta Monpers (2794 moh), Piatta de Grévon (2752 moh), og Couis 1 og 2 (2700 og 2662 moh), før vi fann ein sti nedover att til Pila. På Couis 1 var ei skive, med alle fjelltoppane vi såg, 360 grader, og høgda deira markert. Der det vart for mykje veg, gjekk vi ned marka/bøen, i blomstrande enger... Denne dagen såg vi Mont Blanc (Monte Bianco) i det fjerne, i tillegg til Matterhorn... Såg mange "jordekorn", som kom opp eit hol og forsvann ned i eit anna!

Kart    

Breuil Cervinia, Italia

Dato:
08.07.2018

På veg til Aosta, måtte vi på fjelltur i området. Vi vandra oppover på stiar (skiløyper) i ca 4,5 time, 11,2 km. Høgaste punkt: 2821 moh. Vi gjekk ein rundtur, bortom Refugio Oriondé (2805 moh). Vi hadde fin utsikt til Matterhorn, og såg fleire smågrupper på veg opp dit...

Monte Boletto, Como, Italia, 1238 moh

Dato:
05.07.2018

Etter å ha tatt farvel med Vigdis, tok vi bane opp og gjekk først oppover veg (boligstrøk), så sti innover og oppover til Monte Boletto. Heilt anna landskap enn i Madonna: her var det grønkledde åsar og utsikt ned mot Comosjøen og byar/landsbyar rundt der. Vi ville gå ein annan veg ned, så då havna vi i ein pittoresque landsby (Moleno), med trange gater og blomstrande hortensia. Totalt gjekk vi 14,2 km, ca 4 og ein halv time. Det vart over 10 km tilbake, på asfalt, så då tok vi bussen...

Kart    

Madonna..., til Rifugio Alimonta, Italia, 2591 moh

Dato:
03.07.2018

Langtur: 8 timar og 21,8 km i skiftande ver! Vi byrja i nydeleg ver på Passo Grosté og gjekk innom Refugio Tuckett (2277 moh), Refugio dei Brentei (2182 moh), Refugio Alimonto (2591 moh) og nedatt til Refugio dei Brentei. Vi fekk ei torebyge på veg ned att frå Alimonto. Variert terreng, med stein og fjell, skog og mange ulike typar plantar og blomster. Stien bukta seg bortetter fjellsida, nokre gongar langs ein fjellskrent eller gjennom ein tunell, andre gongar i ope landskap. Flott utsikt stort sett heile tida, men nokre gonger forsvann fjelltoppane i tåka... Her var det vi gjekk Via Ferrata! Tilbake gjekk vi eit stykke på same ruta, for deretter å ta ein sti ned til Refugio Casei. Litt nedanfor der, i skogen, kom det eit skikkeleg torever!! Vi skunda oss vidare ned til Refugio Vallesinella. >>>

Cima Pari, Italia, 1991 moh

Dato:
02.07.2018

Rundtur i delvis tåke.. Trudde vi skulle kome forbi den eller at det ville lette, men den gong ei... Men vi kom no opp på ein topp! Vi starta på Malga Trat (1753 moh), gjekk via Refugio Pernici (1600 moh) til Cima Pari (1991 moh) og rundt på ein annan sti tilbake til Malga Trat. Vi såg lite til utsikta, som skulle vere fin utover Lago di Garda, men var eit kors på toppen og så såg vi hoggorm i stien igjen... (såg ein på den første turen vår og). Ca.3,5 time og 9,8km. For å sjå sola, køyrde vi ned til Gardasjøen etterpå.

Kart