Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Høgefjellet (Sendaren), Eid. 1022 moh

Dato:
30.08.2017

Midtveketur med 5 spreke damer frå Gloppen. Turen gjekk frå Lotsstøylen og opp vegen til Sendaren (Høgefjellet). Skyer og tåke kom og gjekk, så det blei eit ganske spesielt lys! Berre 2 turar att på T-tur Eid (Gloppen ferdig) :)

Kart    

Lisjetoren, Volda, 1164 moh

Dato:
27.08.2017

Turlagstur med Midre Nordfjord (MNT). 13 stk tok turen, som gjekk frå Furuhogane, opp Kjenndalsskaret og opp på "baksida" av Lisjetoren og ned att same vegen. Stien opp var merka, og det var forholdsvis greitt å gå. Ein måtte passe seg for lause steinar her og der...

Kart    

Alsakersætra, Eid

Dato:
24.08.2017

Mekknøken, Averøy, 751 moh

Dato:
18.08.2017

Vi gjekk opp frå Mork, på tydeleg sti. Det vart raskt fin utsikt. Frå toppen gjekk vi ned sti til Nekkstaddalen og vidare på grusveg der. Det vart litt langt på grusveg til slutt, pga ein hæl som ikkje vil samarbeide heilt, elles ein flott tur med 8 kollegar :)

Kart    

Grottetur, Trollkyrkja, Eide

Dato:
17.08.2017

Kollegatur til Håholmen. Vi hadde ein fin tur opp til grotta og spennande å vandre inn i grotta til fossen der.

Traudalsnibba, Gloppen, 1175 moh

Dato:
09.08.2017

Eg og mamsa gjekk opp/ned stien frå Ryggjastøylen. På Nibba hadde vi den siste turen på T-turlista for Gloppen, så no er den ferdig... Eg gjekk opp på sjølve Traudalsnibba, medan mamsa snudde halvvegs bort ryggen.

Kart    

Hornet Eid, 719 moh

Dato:
07.08.2017

Ettermiddagstur på Hornet med Anne Tove og Jeanett. Vi gjekk opp og ned frå Skareide. Stien var nåke tilvokse i starten, men med flotte blåbær...

Kart    

Vedviknibba, Eid 729 moh

Dato:
06.08.2017
Kart    

Djevelporten, Vågan Austvågøy

Dato:
02.08.2017

Etter rib-safari i Trollfjorden, hadde vi tenkt oss på Fløya, men snudde på Djevelporten pga tåke som kom på toppen. I staden gjekk vi bort til Svolværgeita og såg på dei som klatra opp dit... Det var tydeleg sti heile vegen + merka. Eg måtte jo opp på Djevelporten, når vi først var der!

Kart