Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Støyvastøylen, Gloppen, 840 moh

Dato:
02.04.2023

Skitur med mamsa. Vi følgde den oppkøyrde løypa både opp og ned att. Strålande sol!

Kart    

Fossane - Stegane, Stad, 630 moh

Dato:
01.04.2023

Trugetur Fossane - Stegane med Mariann. Vi følgde vegen opp på Fossane, gjekk over til Stegane og ned att vegen derifrå. Strålande sol og fin start på påska!

Kart    

Furuhogane, Stad

Dato:
12.03.2023

Randotur opp skibakkane frå Furuhogane til litt ovanfor Tjønndalsvatnet. Med Elin. Herleg ver og fin tur.

Spiraltoppen, Drammen, 212 moh

Dato:
03.03.2023

Var på tur ovanfor Drammen: Spiraltoppen og bortover sti til Hamborgstrømpaviljongen og ned att forbi sjukehuset. Fin tur. Nede i Drammen var fortaua delvis islagde. Vart ein del broddar... Med Anne Tove og Elin.

Kart    

Røedsætra, Stad, 265 moh

Dato:
25.02.2023

T-tur 2023. Fekk gått i eit spor opp, så gjekk uten truger... Vatnet i Røssdammen delvis islagt, men fint likevel. Idyllisk med all snøen i trea. Med Mariann.

Kart    

Bjørnaskarsnakken, Stad, 607moh

Dato:
21.02.2023

Trugetur frå Hanshjellen til Bjørnaskarsnakken med Mariann. Ho skulle teste ut truger... Nydeleg vinterver.

Kart    

Åsebønakken

Dato:
22.01.2023
Distanse:
1,4km

Kart    

Mont Chauve d'Aspremont, 870 moh

Dato:
04.08.2022

Buss, trikk og buss til Aspremont. Dette var og ein fin, liten fjellandsby. Fin sti her og, på sida og rundt fjellet. Litt veg mot toppen av Mont Chauve d' Aspremont (det skalla fjellet), der det var ein festning. Vi gjekk ei anna rute ned att, meir rett på. Utsikt heilt ned att til Nice by.

Èze - Mont Bastide - Èze-Bord-de-Mer, 570 moh

Dato:
03.08.2022

Buss til Èze village og vandring der. Liten landsby oppetter ei side, med nyare landsby på andre sida nedanfor. Så kryssa vi ei bru og opp stien til toppen av Mont Bastide, 570 moh. Såg ganske langt i alle retningar - fin tur! Ikkje kaldt denne dagen, heller... Gjekk ned att til Èze-bord-de-mer, nede ved sjøen. Tenkte å bade der, men der kunne ein ikkje bade då, så vi måtte ta bussen tilbake og bade i sjøen ved Villefranche-sur-mer. Ikkje så veldig avkjølande, men deileg, likevel!

Mont Boron 192 moh og Mont Alban, Villefranche 220moh

Dato:
01.08.2022

Etter nokre dagar på Korsika, tok vi ferje til fastlandet, til Villefranche sur Mer. Ikkje noko mindre varmt her... Første turen gjekk vi oppover bak der vi budde, for å få oversikt og sjå Nice og Villefranche ovanfrå. Vi gjekk først på Mont Alban og festninga der, deretter vidare til Mont Boron, der vi såg ned til Nice. Treng ikkje å vere høgt til vers for å få utsikt!

Kart