Toubkal Refuge - Jebel Toubkal, 4167 moh (30.06.2024)
Bestigninger | Jebel Toubkal (4167moh) | 30.06.2024 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Refuge Toubkal (3200moh) | 30.06.2024 |
Tizi n' Toubkal Viewpoint (4000moh) | 30.06.2024 |
Marokkotur dag 5: Frukost (nattmat!) klokka 03.00. Så på med hovudlyktene og vandring i roleg tempo oppover fjellsida. Vi såg grupper av lys over og under oss på stien. Det vart etter kvart lysare, så vi kunne sjå meir og meir av fjella rundt. Frå passet (Tizi n'Toubka, ca. 4000 mohl) såg vi på andre sida av fjella, visstnok mot Saharaørkenen. Her byrja eg å merke mangel på energi, så resten av høgdemetrane gjekk det seint... På toppen bles det ein del, så her var det på med ekstra klede og sjølvsagt photo session. Vi såg m.a. ned att til Imlil. Vi brukte ca.3,5 time opp til toppen, 3 timar ned att.
Same veg ned att til Base camp, der vi heiv av oss litt klede og hadde lunsj, før vi gjekk heile vegen tilbake til Imlil. Bruspause ved heilagdomen. Totalt gjekk vi denne dagen 900 høgdemeter opp, 2400 høgdemeter nedover og ca. 20 km, så vi var bra leie av å gå då vi var tilbake i landsbyen Imlil...
Kommentarer