Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Haustvakre Trollvasstinden

Dato:
24.10.2026
Distanse:
10,2km

I finevêret var det ikkje vanskeleg å velge denne lenge etterlengta majesteten når snøgrensa låg høgt seint i oktober (men ikkje høgt nok for Smørskredtinden). Kjente at formen var så som så, etter mykje trøbbel i sommar og haust, men kom meg opp med etter kvart full vinterutrustning i vinden. Sol på toppen med fantastiske haustfargar og klar sikt mot Sunnmørsalpane. Ingen sti opp denne vegen, men greit å gå. Tilbake mot Bytingstind frå eggen vidare mot Trollvasstinden. Eggen vart for skarp til å følge, så måtte ned på sørsida (høgre side på bildet). Toppen kan omgåast ved grei travers under Bytingstind. Trollvasstinden i haustlys

Kart    

Liatårnet i skumringa

Dato:
21.10.2026

To gongar opp frå asfalten, hodelykt på siste. Godt å vere ferdig med ankelovertråkket i juni, ribbeinsbrist/-bruddet i august, med påfølgande seigt luftvegsvirus.

Kart    

Kongens utsikt

Dato:
07.10.2026
Distanse:
3,4km

Kart    

Madonna i Eggedal

Dato:
06.10.2026
Distanse:
5,9km

Kart    

Søgnesandsnipa

Dato:
04.08.2026
Turlengde:
5:04t
Distanse:
13,6km

Denne toppen har vore på lista mi i minst 10 år, så det var lett å velge turmål når vẽret endeleg var brukbart til tur. Fint opp Lundeskaret, DNT sin brattaste tursti, med staver (pga ankelovertråkk i juni). Nydeleg oppover under Tuva og vidare på svaberga opp til platået og toppvarden med glimrande utsikt til Grovabreen. Vidare til nordtoppen for å få den berømmelege utsikten mot Kjøsnesfjorden. Her var det berre å ta turen vidare nedover for det ultimate utsynet. Fantastisk!!! Tilbake ved krysset til Tuva var eg uoppmerksam, snubla og slo meg litt. Gikk då utan staver. Nokre sår og ein liten hevelse ved tinningen var status etter ei kvilepause, men det viste seg raskt at det også hadde gått eit ribbein. Dermed vart det nedtur og ikkje Tuva denne gongen, forsiktig ned Lundeskaret >>>

Kart    

Nyestien til Eggenipa

Dato:
22.07.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:36t
Distanse:
8,2km

Nydeleg avbrekk frå hagearbeid hos mor på Sandane. Flott sti opp til halvvegs, derfrå nokre punkt med lett klyving med utlagt kjetting. Så overtok dei imponerande, nylagte sherpatrappene (der tracket tek ein avstikkar til høgre for eggen, høgt oppe). Deretter fin småklyving langs eggen til topps. Mykje folk - veldig forståeleg.

Kart    

Sveningen m.fl

Dato:
20.07.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
23,9km

Takk for kjekt turfølge og godt valg av tur, Nils nrusaas (Nils Rusaas) . Gikk med stav(er) i terrenget for å lette ankelen etter overtråkk. Fungerte bra, men stavane medførte også et klønete fall og en forslått ringfinger;)

Kart    

Haganesfjellet

Dato:
15.07.2026
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,2km

Med Øystein. Finaste klyveturen eg har gått i Øygarden. Enkle klyvepunkt, fleire godbitar med god utsikt. Nokså gjengrodd sti i starten gjennom skogen. Shorts og to flått, obs obs.

Kart    

Ryssdalshornet

Dato:
13.07.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:53t
Distanse:
10,3km

Kart    

Fløtravarden

Dato:
08.07.2026
Kart