Veltdalshytta-Billingen (03.03.2024)
| Startsted | Veltdalshytta (1182moh) |
|---|---|
| Sluttsted | Billingen (739moh) |
| Turtype | Fjellskitur |
| Turlengde | 10t 22min |
| Distanse | 22,5km |
| Høydemeter | 545m |
| GPS |
|
| Andre besøkte PBE'er | Billingen parkeringslomme (730moh) | 03.03.2024 |
|---|---|---|
| Veltdalshytta (1180moh) | 03.03.2024 |
Dag 4
Veltdalshytta-Billingen, 22,3km, 10t20m, 2,1km/t.
Alle eventyr har ein ende.
Dette eventyret endte på aller vakraste vis, med ein lang utmarsj i eit landskap endelaust og kvitt, med strålande sol fra blå himmel og ein skarp kald vind i ryggen.
Det å kunne gå i timesvis, ein fot foran den andre, vekkgjøymt bak skibriller og buff inne i ei hette -og tenke på, ja, ingenting faktisk.
For min del er det mykje av grunnen til at eg driv med akkurat dette.
I ein kvardag så prega av at alt skal gå fort, der ein skal frå det eine til det andre, born, fotball, handball, hus, heim og arbeid…
Kombinasjonen av å gjennomføre denne type ekspedisjon, å dele det med likesinna, dei gode samtalane underveis, men samtidig det å legge sivilisasjonen heilt vekk- i meir enn en dag. Det er terapi.












Kommentarer