Favoritturer
Favorittopper
Stavslinuten
- Dato:
- 24.05.2026
Toppturane i år hadde vore lyststyrte, og ikkje listestyrte. Og slik skal det verte framover og.
Men so var det denne toppen midt i Telemark då. Ein av to 1000 på topp PF i fylket som eg mangla.
Det er alltid freistande å bruke mindre enn 9 timar på biltur, men denne gongen kjende eg det som eit truverdeproblem om eg ikkje kom meg avgarde til Telemark. Og om ein let inntrykka gjere litt vesen ut av seg, so er det å farte i Telemark noko for seg sjølv. Kanskje difor eg valde grusvegen frå Haukelivegen sørover langs Tokkevassdraget, der ein berre må håpe at turiststraumen til Ravejuvet ikkje gjer at det kjem campingbilar motsette vegen, der han knapt er breidare enn ein geitesti.
Åsgrend har vel alt som eit kulturlandskap i bratte dalar kan ha. Nokre nye hus er berre godt å sjå. Det >>>

