Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Blåtind, Punkt på Skjerdingsdalsbreen og Sætreskarsfjellet

Dato:
21.06.2025
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:25t
Distanse:
16,5km

Første tur på det som skulle bli ein innhaldsrik dag. Turfølge vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) pressa på med tidleg avreise frå Ørsta denne morgonen, med ein plan om fleire nye toppar. Då det var skodde og litt surt ved Djupvasshytta tok det uansett litt tid før vi tok laust. Gjekk mot Grasdalsreset og dreia deretter direkte til Blåtinden via Skjerdingsdalsbreen. Rann ned igjen på breen og tross i tett skodde, var det grei skuring og overraskande kort opp/bort til "Punkt på Skjerdingsdalsbreen". Det var framleis ganske tett, men ryggen vidare mot Sætreskarsfjellet var stor og god. Synd at skodda blokkerte det som truleg var flott utsikt her. Vurderte ei anna rute tilbake til bilen, men underteikna gløymde solbrillene på Blåtind, og då vart dette uaktuelt. Same rute tilbake til Blåtind. Det positive >>>

Kart    

Kvitenova Søraust, Raudnova, Ospelifjellet og Langvasseggi

Dato:
07.06.2025
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:15t
Distanse:
23,7km
Kart    

Nuken, Tystigbreatind, Kvitlenova og Raudeggi

Dato:
31.05.2025
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
7:09t
Distanse:
28,6km

Ein nydeleg dag på ski som byrja overskya med skodde og endte opp med knallsol og lite vind. Store mengder folk, god stemning og overflod av grilldressar på parkeringa. Gjekk til høgre for skitrekket og opp ryggen til toppen av det "gamle" skitrekket. Vidare over Tystigbreen og ganske direkte til Nuken, skodde på toppen. Tok same veg tilbake, men gjekk oppom Tystigbreatind og rann deretter ned på Tystigbreen igjen før vi vart ein del av folkevandringa til Kvitlenova. Rann ned langs Mårådalsbreen. Seigt strekke, men grei skuring til Raudeggi etterpå. Flott utsikt her! Dagens finaste nedkøyring vart tilbake til breen. Til slutt tok vi ein bratt, men tilsynelatande vanleg veg ned igjen til vegen. Saman med vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) som berre vart lettare og lettare i steget gjennom dagen.

Kart    

Såthaugane, Middagshornet, Langegga og Kolhø

Dato:
04.05.2025
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Grønnvasshøi, Nibba, Fetegga og Hellstugueggi

Dato:
26.04.2025
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Veslebreatinden

Dato:
14.04.2025
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Midtre Kalven

Dato:
13.04.2025
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Storebjørn

Dato:
12.04.2025
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Veslefjell

Dato:
01.02.2025
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Høgenibba

Dato:
27.12.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart