Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Puttegga

Dato:
20.07.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
33,5km

Køyrde frå Ørsta 06.15 og byrja turen frå Zakariasdammen 09.45 saman med VON og Stokkevåg. Mange bilar på parkeringa og ein nydeleg, varm dag. Vi følgde god sti forbi Reindalsfossen, Langvatnet og Reindalseter, og deretter følgde vi Tverrelva til Øvre Reindalen og 1142-vatnet. Her følgde vi stilaust høgresida av elva opp til Søre Skaret. Ryggen nordover mot toppen kunnne sjå litt knotete ut frå skaret, men var det var fin ur og hellesystem heile vegen, og ikkje minst flott utsikt! Det vart same vegen på returen, men med eit magisk øl-stopp innom Reindalseter. Då stod tida stille eit augneblikk, før vi byrja på finala tilbake til parkeringa. Avslutta det heile med eit bad i dammen i kveldssola.

Kart    

Storfjellet

Dato:
17.07.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:45t
Distanse:
10,1km
Kart    

Heregga

Dato:
16.07.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:55t
Distanse:
16,1km

Dag 2 av "basecamp Valldal" med VON. Planen var eigentleg ei runde via Kallskarsætra, men då vi køyrde fram til Herdalen parkering for å sondere litt, vart det freistande å ta sikte på Herdalsegga. Toppen ser røff ut frå parkeringa, men er heilt utan vanskelege element. Bratt sti oppover mot Nørdre Herdalen. Eit par plassar på veg opp og vidare inn dalen følgde vi nokre dyretrakk som endte i ingenting, og det anbefalast å følgje merkinga her, som eigentleg er god! Flott innover dalen, og vi følgde skiltinga mot Heregga oppe på skaret der motsett veg var skilta mot Kaldhusseter. Nokså seig ur og brei rygg vidare til topps. Ei vakker utsikt på toppen, spesielt mot Torvløysa og Kupenibba! Er nok fleire vegar som kunne ført raskare opp, og på veg ned igjen tok vi >>>

Kart    

Rambjøra, Huldrehornet og Rjåhornet

Dato:
25.05.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:39t
Distanse:
15,2km

Parkerte ved Myrvåg Omsorgssenter, og det var ikkje mange meter med asfalt før ein skilta sti mot Rambjøra byrja, omtrent gjennom ein hage. Fin sti til topps. Tok ein liten avstikkar på veg tilbake før eg kryssa Myrvågvegen og følgde grusvegen langs Djupvikvatnet. Her byrja den godt merka stien mot Huldrehornet. Solid sti gjennom fin furuskog. Frå toppen tok eg ein litt bratt sti nedover mot sør, denne stien fusjonerte etter kvart med stien som går frå Djupvik mot Rjåhornet. Her måtte eg hoppe over ein hoggorm, og eg mista dermed piffen. Det som var ein joggetur, vart til ein gåtur, då ormen knakk meg mentalt. Resten av turen gjekk sakte, men i flotte omgivnadar. Etter Rjåhornet følgde eg ein sti mot Bakkehornet og ut på eit flott utsiktspunkt ved Hillehornet. Vidare gjekk >>>

Kart    

Eikenakken

Dato:
22.05.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
3,7km
Kart