Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
"Peakbookvenner"
Favorittopper
Puttegga
- Dato:
- 20.07.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 33,5km
Køyrde frå Ørsta 06.15 og byrja turen frå Zakariasdammen 09.45 saman med VON og Stokkevåg. Mange bilar på parkeringa og ein nydeleg, varm dag. Vi følgde god sti forbi Reindalsfossen, Langvatnet og Reindalseter, og deretter følgde vi Tverrelva til Øvre Reindalen og 1142-vatnet. Her følgde vi stilaust høgresida av elva opp til Søre Skaret. Ryggen nordover mot toppen kunnne sjå litt knotete ut frå skaret, men var det var fin ur og hellesystem heile vegen, og ikkje minst flott utsikt! Det vart same vegen på returen, men med eit magisk øl-stopp innom Reindalseter. Då stod tida stille eit augneblikk, før vi byrja på finala tilbake til parkeringa. Avslutta det heile med eit bad i dammen i kveldssola.
Heregga
- Dato:
- 16.07.2025
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 5:55t
- Distanse:
- 16,1km
Dag 2 av "basecamp Valldal" med VON. Planen var eigentleg ei runde via Kallskarsætra, men då vi køyrde fram til Herdalen parkering for å sondere litt, vart det freistande å ta sikte på Herdalsegga. Toppen ser røff ut frå parkeringa, men er heilt utan vanskelege element. Bratt sti oppover mot Nørdre Herdalen. Eit par plassar på veg opp og vidare inn dalen følgde vi nokre dyretrakk som endte i ingenting, og det anbefalast å følgje merkinga her, som eigentleg er god! Flott innover dalen, og vi følgde skiltinga mot Heregga oppe på skaret der motsett veg var skilta mot Kaldhusseter. Nokså seig ur og brei rygg vidare til topps. Ei vakker utsikt på toppen, spesielt mot Torvløysa og Kupenibba! Er nok fleire vegar som kunne ført raskare opp, og på veg ned igjen tok vi >>>
Stornyken og Mefjellet
- Dato:
- 15.07.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:45t
- Distanse:
- 18,6km
Dag 1 av "basecamp Valldal" med VON. Parkerte ved Gudbrandsjuvet og følgde Grusvegen i retning Alstadsætra. Etter nokre svingar var det skilta mot Stornyken med meir eller mindre grei sti til topps utanom på avstikkaren til Myrheivatnehaugen. Relativt seigt strekke mot toppen, men tøft skue i retning Olivintoppen! Tok valget om å ta av i retning Mefjellet, då VON (som droppa denne då han har vore der før) generøst tilbydde å hente. Frå Myrheivatnet var det god sti til Heggjesætra, ei sjarmerande lita sæter der. Her følgde eg skiltinga "Nysætra via Trollkyrkjebotn". Det vart ein omveg på denne måten, men då eg nådde Trollkyrkjebotn (982) var det skilta og god sti mot Nysætra. Fann eit trakk og nokre vardar på avstikkaren til Mefjellet, panserrås ned til >>>
Rundt Langhorndalen
- Dato:
- 14.07.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 11,2km
Ei flott runde med flott utsikt heile vegen. Vi følgde den gode stien i retning Kvamsetdalen, men tok av til høgre mellom fjellvatna. Vegen til Tuva gav seg sjølv og der var også nokre vardar å sikte etter. Fin utsikt på denne lille toppen. Planen var å gå nedom Langhorndalen, men "Dukhornet nord for" såg freistande ut. Vi gjekk bratt ned i skaret og bratt opp til denne fortoppen. Vakkert skue og naturleg matpause her. Vi følgde ryggen 50 meter oppover før vi skar inn i sida og opp på egga mellom Dukhornet og Dukhornet Nordvest. Lettgått bortover egga, men litt klivring siste bit mot Dukhornet Nordvest, og eg synes det var hyggelig at underlaget var tørt her. Egga vidare til Langhornet var svært fin og det var kanskje ei tabbe å ikkje gjere eit forsøk mot Kubben. Bratt >>>
Rambjøra, Huldrehornet og Rjåhornet
- Dato:
- 25.05.2025
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:39t
- Distanse:
- 15,2km
Parkerte ved Myrvåg Omsorgssenter, og det var ikkje mange meter med asfalt før ein skilta sti mot Rambjøra byrja, omtrent gjennom ein hage. Fin sti til topps. Tok ein liten avstikkar på veg tilbake før eg kryssa Myrvågvegen og følgde grusvegen langs Djupvikvatnet. Her byrja den godt merka stien mot Huldrehornet. Solid sti gjennom fin furuskog. Frå toppen tok eg ein litt bratt sti nedover mot sør, denne stien fusjonerte etter kvart med stien som går frå Djupvik mot Rjåhornet. Her måtte eg hoppe over ein hoggorm, og eg mista dermed piffen. Det som var ein joggetur, vart til ein gåtur, då ormen knakk meg mentalt. Resten av turen gjekk sakte, men i flotte omgivnadar. Etter Rjåhornet følgde eg ein sti mot Bakkehornet og ut på eit flott utsiktspunkt ved Hillehornet. Vidare gjekk >>>