Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (18)
-
Skitur (24)
- Langrennstur (1)
- Randonnée/Telemark (23)
- Sykkeltur (2)
"Peakbookvenner"
Favorittopper
Heida, Gyrinakken og Røddalshorn
- Dato:
- 01.08.2025
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 1:53t
- Distanse:
- 12,8km
Ein skoddetung og regnfull dag i Ytre. Det var skilta mot Gyrinakken og Heida berre nokre meter ut frå start. Fin sti til Heida, men mot Gyrinakken var det kjerreveg med høgt gras og deretter brukbar sti med høgare gras - berre litt klipping som skal til for å gjere denne noko meir forlokkande. Haldt mot sørvest etter toppen (utan sti) og kom inn i ein delvis brukbar sti i ein liten dalformasjon nedover mot den nedlagde gokartbana på Leikong. Mogleg denne stien er meir synleg frå toppen på ein mindre skoddefull dag. Frå Leikongeidet følgde eg asfalten ein drøy kilometer før eg tok av mot Røddalshornet. Merka og god sti til topps, same veg på retur til Leikongvegen. Vidare følgde eg fine grusvegar gjennom lysløypa/Kleppefurene tilbake til bilen.
Puttegga
- Dato:
- 20.07.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 33,5km
Køyrde frå Ørsta 06.15 og byrja turen frå Zakariasdammen 09.45 saman med VON og Stokkevåg. Mange bilar på parkeringa og ein nydeleg, varm dag. Vi følgde god sti forbi Reindalsfossen, Langvatnet og Reindalseter, og deretter følgde vi Tverrelva til Øvre Reindalen og 1142-vatnet. Her følgde vi stilaust høgresida av elva opp til Søre Skaret. Ryggen nordover mot toppen kunnne sjå litt knotete ut frå skaret, men var det var fin ur og hellesystem heile vegen, og ikkje minst flott utsikt! Det vart same vegen på returen, men med eit magisk øl-stopp innom Reindalseter. Då stod tida stille eit augneblikk, før vi byrja på finala tilbake til parkeringa. Avslutta det heile med eit bad i dammen i kveldssola.


