Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Bomtur

Dato:
14.08.2025
Kart    

Sveddalstinden

Dato:
13.08.2025

Parkerte ved Moasyøylen. Det var ikkje enkelt å kome tørrskodd over elva ut frå start, kunne kanskje brukt meir tid på å finne ei naturleg bru. Det såg relativt buskete ut oppover, men turfølge vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) satte ei seig og målretta fart oppover og då var det berre å prøve å følgje på. Vi haldt oss sør for gjølet, litt i sauetrakk, ein del i kratt, bregne og gras. Det var ganske bratt og vått, så det var godt å kome opp i slakare terreng før vi sikta oss opp i det tøffe skaret mellom Sveddalstinden og Nordre Raudfonntind. Vidare direkte til topps! Vakkert skue i alle retningar!

Kart    

Bjørnavasseten

Dato:
10.08.2025
Turlengde:
1:30t
Distanse:
6,3km
Kart    

Svartdalshornet

Dato:
07.08.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
7,0km

Start ved Brekka. Sti til eit lite stykke forbi Grimeskarvatnet. Tilsynelatande vilkårleg merking oppover mot Grimeskaret vidare. Frå skaret tok vi av rett opp i retning toppen. Ikkje ei magisk utsikt her då det var svært grått i alle retningar. Vi vart einige om å prøve ein anna variant på veg ned. "Rullande" terreng mot Kvanndalshornet som vi ikkje var innom, deretter fint terreng nedover ryggen, men vel vitande om at det kun var kratt i sikte frå ca. 630 moh. Då var det berre å sålsette seg og nytte godt av å ha med bregne- og krattekspert vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) som kunne lede an trygt nedover. Vi unngjekk det meste med litt siksakk og kom inn på stien etterkvart.

Kart    

Storegga

Dato:
07.08.2025
Kart    

Hjørungneshornet

Dato:
04.08.2025
Kart    

Hovdenakken og Løkeberget

Dato:
04.08.2025
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
2:10t
Distanse:
16,8km

Parkerte på Halsen parkeringslomme, skilta og god sti heilt til Hovdenakken. Truleg fin utsikt, men tett skodde i dag. På veg tilbake tok eg av rett før Hovdenakken Nordvest og prøvde stien mot Hovdenakken parkeringslomme. Derifrå nokre hundre meter på grus tilbake til bilen og vidare på sti i retning Hammarstøylsvatnet (drikkevasskjelde) og demninga. Her følgde eg grusvegen mot Snipsøyrvatnet eit lite stykke nedover før eg tok av på ein svært våt sti som var skilta mot Stornakken og Løkeberget. Forbi Svartevatnet og like før Moldskaret delte stien seg, og da følgde eg stien mot høgre retning Løkeberget. Partiet frå Moldskaret og til toppen var turens kjekkaste parti, og ei positiv overrasking; fin sti, fin rygg og fin helning. Såg ein hare i full fart på toppen, elles >>>

Kart    

Åsebønakken

Dato:
03.08.2025
Turlengde:
0:31t
Distanse:
2,9km
Kart    

Vedviknibba

Dato:
03.08.2025
Turlengde:
1:34t
Distanse:
5,9km
Kart