Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Sande/Herøy: Rjåhornet og Sollia + mykje anna

Dato:
15.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
20,3km
Kart    

Jølster: Grovanipa og Langeheia

Dato:
11.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:30t
Distanse:
9,3km

50-metersjakt i Jølster kommune, status 81/85. Kjøyrde frå Skei til Sægrov på sørsida av Kjøsnesfjorden. Parkerte ved brua. På austsida av elva startar stien mot Sægrovstøylen. Først gjennom ei grind, så over ei mark og gjennom ei ny grind. Deretter god sti til støylen. Frå Sægrovstøylen går det 2 stiar. Den eine innover dalen, den andre oppover mot Grovanipa. Fin rundtur der vi anbefaler å gå først mot Grovanipa. Pass på å ta den stien som går mot venstre. Fann merking oppover heile lia, først med ca 100 høgdemeter igjen forsvann den for oss. Raudmerking som viser om ein brukar dei 2 kulene midt i ansiktet. Frå toppane flott ustikt mot Grovabreen, Kjøsnesfjorden osv. Mot Langeheia såg vi fleire gongar ein reinflokk på ca 10 dyr. Stille og fint på toppane. Gjekk >>>

Kart    

Stryn: Kattanakken

Dato:
10.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:43t
Distanse:
10,7km

Enkelte toppar er definitivt verdt eit besøk sjølv om dei ikkje ligg i kremtopplister eller diverse primærfaktorlister. Kattanakken er ein flott tur, enkelt å finne fram og god sti til topps. Vi parkerte på Melkevoll Bretun (50 kr avgift). Gjekk mot Briksdalsbreen og tok av på merka sti mot Kattanakken rett før andre brua. Resten seier seg sjølv. Etter å ha passert/gått forbi fleire hundre tungt parfymerkte turistar var det godt å få frisk luft. Heile Briksdalen låg innhylla i ein parfymedis. Hest og kjerre er skifta ut med nymotens grøne golfliknande kjøyretøy. Det er ikkje mykje igjen av Briksdalsbreen. Turistar blir no skyssa rundt på vatnet i gummibåtar. Eit par enkle klyveparti oppover før det flatar ut mot toppen. Har enno ikkje sett kart med høgdeanvisning på denne >>>

Kart     1 kommentar

Stor-Elvdal: Gravskardhøgda

Dato:
08.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:30t
Distanse:
14,8km
Kart    

Rondane dag 4: Verkilsdalsbotn rundt

Dato:
07.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
12:30t
Distanse:
38,4km

Dette er drygaste dagsturen vi har gått til fots, over 38 km viste GPS. Gjekk frå Dørålseter på merka rute mot Høvringen. Ei elgku med kalv kryssa elva eit lite stykke foran oss, sat roleg og såg på. Artig for oss som for det meste er vant til hjort og rein. Kryssa utosen til Dørålsvatnet på austida og gjekk bratt opp ein rygg i retning dagens første topp, Vassberget. Her møtte vi ein kar, overraskande for alle partar virka det som. Han dreiv og gjekk litt i fjellet, hadde ei Røyne-liste som han kryssa litt av på innrømma han. Virkar som denne Røyne-lista er reine pornografien i enkelte miljø. Etter ein lang prat med han om fjell og tindar måtte vi berre komme oss vidare. Hadde alt brukt 4 timar. Eit steinkast bortafor toppvarden gjekk vi oss på eit kadaver av ei ku. Beingrind >>>

Rondane dag 3: Diger-Midt-Høg

Dato:
06.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:49t
Distanse:
24,8km

Denne turen er det vel skrive bra om frå før. Vi fulgte merka rute mot Rondvassbu og tok av mot Salen ca ved punkt 1203. Gjekk først på Digerronden og vidare mot Høgronden som vart siste topp for oss på denne runda. Flott ver og triveleg møte med eit par danskar som gjekk Rondane rundt-ruta på under 24 timar. The Norwegian Manhood Test stod det på vestane deira. Det som prega oss veldig denne dagen var at vi fann eit lam eit par hundre meter etter at vi tok av frå stien. Høyrde noke bræking som vi ikkje kunne skjønne kva var. Gjekk etter lyden til vi såg frambeina og haudet til eit lam som stakk opp mellom to steinar. Den sikre død om vi ikkje hadde funne det. Det sat bom fast og vi fekk dratt det opp etter beina, i sikkerhet for denne gang. Kor lenge det hadde vært i klemme >>>

Kart    

Rondane dag 2: Smedbotn rundt

Dato:
05.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:30t
Distanse:
26,1km

Vi vakna tidleg av solsteik på teltduken. Dette endra seg medan vi åt havregrauten. Tunge svarte skyer kom inn frå sørvest, og etterkvart nokre sure byer. Vi måtte finne på eit kvart og satsa på Nordre og Søre Smedhamran. Fulgte merka rute mot Rondvassbu og tok av mot foten av Nordre Smedhamran. Forferdeleg dryge parti her, spesielt Lise synest dette er noko herk. Ho vil ha motbakke med ein gong! Veiret hadde bedra seg merkbart og vi såg ikkje meir til regn denne dagen, faktisk vart det ein kjempedag. Vel framme på Søre Smedhamran var det dags for litt overtaling. Vi hadde eigentleg fått turen som var planen, men no var veiret heilt toppers og vidare mot Storsmeden såg det enkelt ut. Såg og folk på Veslesmeden. Etter ein del lirking og luring (viktig å ta seg god tid) så seier >>>

Kart    

Rondane dag 1: Stygghøin

Dato:
04.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
11,7km

Vi kom til Dørålseter ca 1330 etter å ha kjøyrt frå Lote på morgonkvisten. Planen var toppar i Rondane >1800m >100 m pf. Dørålseter virka som eit spennande utgangspunkt for turar, trass lange anmarsjar. Dette er ikkje noko for vestlendingar som er vant til at det går rett opp frå fjorden. Dag 1, plan Stygghøin. Lavt skydekke nedpå toppane men ikkje nedbør. Gjekk frå Dørålseter mot Dørålsglupen, tok av stien og gjekk mot pkt 1584 og vidare til Småhaugan. Skilt på toppen seier at denne heiter Stygghøin. Frå ca 1600 moh surna det til og det vart både regn og ein helsikes vind på toppane. Gjekk på GPS. Frå topp 1853 rett austover mot Skagsnebbtjønne. Fann nokre snøfelt her som vi sjølvsagt nytta. Lett retur på sti frå vatnet til Dørålseter. Ein sur start på >>>

Kart    

Luster: Fannaråken

Dato:
02.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
15,0km
Kart    

Lom/Luster: Stehøe og Stetinden

Dato:
01.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
12,5km
Kart