Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Rauma: Kalskråtinden og Mongejura

Dato:
08.10.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:45t
Distanse:
18,0km

Johan var ein av dei som fekk tlf med oss kvelden før. Han forklarte oss kvar vi skulle finne stien. Parkerte aust for busslommen på Remmem, rusla 100 meter vestover langs ein forferdeleg tungtrafikkert veg til raudmerkinga. Stien oppover er lett å følgje, og i seg sjølv verdt å gå berre opp til vatnet. Fin tur det og! Holdt høgda godt på vestsida av vatnet, såg godt at vi måtte ned litt til skaret på 1064. Kalskråtinden var innhylla i ein skoddehatt heile dagen, men på returen på Mongejura var den synleg heilt til topps. Dryg bakke frå skaret til toppen. Satte igjen sekkar nord for 1538-toppen som vi plukka på returen. Ny bok i kassa, første namn 19.juli. Berre 12 innskrivne sidan det. Siste var eit kjendt namn, Arne Mæhlen, som riktignok lever eit år foran oss andre. Retur >>>

Kart    

Rauma/Nesset: Rundt Helvetesbotn frå Svartvassbu

Dato:
07.10.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:00t
Distanse:
17,0km

Vinden herja fælt på Svartvassbu om natta. Vi låg på den såkalla sikringsbua, lengst vekke frå vatnet. Geir Arne fekk i seg innhaldet i ein Trondhjems hermetikkboks til frokost, eg jævlast med nokre tørre skiver. Plan: 4 toppar nord for Svartvassbu. Bikkjekald vind, og vi fekk på oss jakkene med ein gong. Fulgte merka rute rett opp frå hytta. Tok etterkvart av frå denne og gjekk mot Gråfjell, vidare opp ryggen til Helvetestinden. Denne har Krokfoten hatt på ønskjelista ei stund, og seigemannen vart kjærleg plassert i varden. Frå toppen gjekk vi rett mot Østre Melkallskaret. Her var det veldig bratt men ikkje vanskeleg. Gjekk under linja og hadde god matøkt bak nokre store steinar, sola fekk varma litt her. Dess kraftlinjene er ikkje noko vakkert syn nei, og vinden ula enormt >>>

Kart    

Rauma/Nesset: Svartevasshøgda, Sjøvdøla og Nebba

Dato:
06.10.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:00t
Distanse:
17,0km

Geir Arne kom som avtalt til parkeringsplassen mellom Åndalsnes og Isfjorden søndag kveld. Hadde fått melding der han varsla om at han ikkje var i form, og at det kunne være risiko for smittefare. Vi holdt god avstand i 3 dagar og unngikk å få sykja. Vi vart fort einige om at Svartvassbu var eit godt alternativ sidan vi ikkje hadde vore der nokon av oss, og det var fleire spennande toppar i området. Kjøyrde til Rabben mandag formiddag. Eit par kom rett bak oss, dei hadde planar om Juratind. Snakka litt med dei og utveksla info, men med den vinden som var denne dagen er eg forundra om dei kom seg opp. Dette får vi vel aldri svar på. Gjekk mot Svartvassbu i flott ver men kald vind. Over Svartevasshøgda møtte vi ein familie på 2 vaksne + 3 ungar som hadde overnatta både på Vasstindbu >>>

Kart    

Rauma: I Monsen sine villspor

Dato:
05.10.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:30t
Distanse:
24,0km

Etter den kjappe vindfulle ettermiddagsturen til Moanebba kjøyrde eg til Erstaddalen. Bomveg 40 kr. På parkeringa lengst inne i dalen var det fleire innfødde og eg slo av ein prat med ein av grunneigarane. Det enda med invitasjon på kaffi i hytta, der far hans på 80 år og var. I løpet av ein times prat var vi innom jerv, gaupe, bjønn, moskus, hjort, rådyr og elg. Takka til slutt for praten, mekka middag i bilen og la meg tidleg. Vinden herja fælt i dalen. Kom meg avgarde ca 1015. Gjekk over brua og tok til venstre ved raud pil ca 100 m til traktorvegen. Fulgte denne til endes og over på fin sti mot ein spennande oppgang. Opp Saufonnholet var det både kjettingar og stige for å hjelpe folk opp. Vidare langs vatnet og opp til Middagsfjellhytta. 1 time 10 minutt opp der. Var inni hytta >>>

Rauma: Moanebba

Dato:
04.10.2014
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
29.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
5,3km
Kart    

Lom: Tverrbottindane

Dato:
20.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:00t
Kart    

Luster: Høgvagltindane

Dato:
19.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:10t
Distanse:
14,9km

Toppsamlarhelg på Leirvassbu. Vi kom torsdag kveld, lalla pjokken og sosialiserte oss litt inne. Bestemde oss for familietur på fredagen, vermeldingane var best for denne dagen. Laurdagen gjekk eg Tverrbottindane til Tverrbytthornet saman med Kroksleiven og søndag gjekk Lise Skardstinden med Sondre sitt turfølgje. Ei veldig fin helg der vi traff mange gamle og nye fjellfolk. Kom oss som alltid seint avgarde. Gjekk ruta mot Olavsbu og tok av langs ryggen på ein merka/varda sti. Etterkvart tok vi av frå denne og gjekk mot Vestre Høgvagltinden. Her hadde vi lang pause. Vinjar kosa seg i dunposen. Ganske skarpt i lufta, men sola varma godt når ho slapp igjennom. Vi såg eit stort turfølgje på Midtre Høgvagltinden. Dette var Arne og 12-13 stk som hadde gått motsatt veg. Vi møtte dei >>>

Kart     1 kommentar

Rauma: Romsdalshornet - Halls renne

Dato:
14.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:19t
Distanse:
4,9km

Ettersom turen på Venjetind var over ca 1530 var Janne og eg klar for eit forsøk på Romsdalshornet. Har sett og lest mykje om denne Halls renne og vurderte det slik at vi begge var i stand til å gjennomføre dette. Janne har i tillegg til eit godt humør og over middels kondis, sterke sider både med klyving og høgde. Dei andre var slitne, klare for heimreise eller prioriterte andre oppdrag. Vi kom oss avgarde frå parkeringa ca 1600 med avtale om henting kl 2000. Ruta oppover såg på avstand mildt sagt hårete ut! Etterkvart kom vi inn på den raudmerka stien som snirklar seg oppover. Oppunder eit brattare parti stoppa denne merkinga, og vi prøvde oss litt til høgre etter tips frå Johan. Vi kan ikkje ha funne den ruta han brukte så det vart rett og slett litt ugreitt oppover. Men >>>

Kart    

Rauma: Store Venjetinden

Dato:
14.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
7,7km

Skodda låg tjukk i Venjesdalen då vi starta å gå. Håpet var at det skulle lette eller at vi kom over den. Fann stien som startar ved ein stein med raudmåling på ved Venjesdalsvatnet. God sti oppover mot skaret på egga. Vi kom over skodda her og hadde eit fantastisk skue i alle retningar. Det er ikkje vanskeleg oppover men mykje sva. Heilt greitt at det var tørrt denne dagen. Ein del varding gjer det greitt å finne fram. Eit stykke før toppen går det varding mot høgre, denne skal ein ikkje følgje. Hald godt til venstre mot kanten oppover. Rett før toppen eit lite klyveparti med veldig gode tak. Lang god pause på toppen, Andreas kunne feire som "Fjellkonge". Retur samme vegen, tilbake ved bilane ca 1530. Janne og eg tok laust mot Romsdalshornet ein halvtime seinare. >>>

Kart