Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Rindal/Hemne: Jørenskarfjellet og Skavlen

Dato:
18.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:07t
Distanse:
13,4km

Etter tur på Nonsfjellet, middag i bilen og ein liten cowboystrekk var det bedring i versituasjonen. Kl 1800 starta eg på turen. Gjekk nok ein gong gjennom krigssona sør for gardstunet og over ei ny bru. Vidare på svært god og ny(opprusta?) vei oppover Fjellbekkdalen, forbi hyttene og til ca 460 moh. Peila meg inn mellom Snipen og Mikkelfjellet og kom opp til nedre Gravtjønna som enno var dekka av is og snø. Med kartet i handa klarte eg å finne fram til Jørenskarfjellet i skodda. Gjekk vestover mellom vatna til skaret og lett opp ryggen til Skavlen. Fleire vardar rundt toppen. Den eine var eit lad av tynne heller, sikkert nok til eit heilt hyttetak med villskifer. No godt ver med sikt i alle retningar. Vidare vest mot eit bratt bekkefar, ned til vatnet på 542 og ned til veien igjen. >>>

Kart     1 kommentar

Rindal/Hemne: Ruten, Vardskarfjellet og Nebba

Dato:
17.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:15t
Distanse:
13,5km

Det var ikkje planen å ta denne turen i dag. Men etter ein tlf med Lise når ho stod på toppen gjekk eg med Vinjar og møtte ho oppe i dalen. Vi kom oss avgarde ca 1720 etter middag og diverse leikprega aktivitetar. Ruta opp første 3-400 høgemeterane er eit gjørmete helvete og ikkje noko kjekk å gå. Det kom seg når eg kom opp eit stykke. Det er iallefall umuleg å gå seg bort her, stikkene står tett som hagl. Installasjonar på toppen er aldri noko kjekkt. Gjekk over toppen og tok 300 høgdemeter på skoa ned på austsida. Over dei neste to toppane er det lett og fint terreng å gå i. På Nebba var det bok, Ti på topp 2015. Har korrigert namnet på denne, på kartet heiter den Kammen. Gjekk vestover igjen og bratt ned i dalen. Fulte denne utover til hengebrua der eg kom inn på >>>

Kart    

Rindal/Orkdal: Jolifjellet

Dato:
17.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:26t
Distanse:
7,5km

Hadde lunch med Lise og Vinjar ved forsamlingshuset i veikrysset ved Lomundsjøen. Dei kjøyrde vidare og avtalen var å møtast på parkering Ruten langs E-39. Gjekk mot Pelia og tok av på traktorvei forbi dyrkamark, fulgte denne til endes. Her vart det 300 høgdemeter i tungt terreng mot toppen. Men lett å finne fram. Varden står på punkt 763, litt lenger vest er høgste punkt, markert med nokre steinar. Såg nordover mot E-39, og Ruten i vest. Dagen var enno ung, økta på nedover og kjøyrde kronglete veiar til eg kom inn på E-39 igjen.

Kart    

Rindal: Gråurfjellet

Dato:
16.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:37t
Distanse:
8,3km
Kart    

Rindal: Skåkleiva

Dato:
15.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:21t
Distanse:
9,8km

Vi kom frå overnatting på campingplass i Surnadal. Planen var å rydde reint lave toppar nord i Rindal. Starta med Skåkleiva frå Brønstadøyan. Stien startar nær hovedveien. Det er muleg å parkere eit par bilar langs eit gjerde inn mot veistasjonen. Der står ei stor tavle...Tursti til Skåkleiva... med litt info. Bruk augene godt, vi kjøyrde forbi den. Forferdeleg surt ute så det vart ein skikkeleg lunch i bilen før vi våga oss ut. Gjekk over eit gjerde og fulgte merkinga oppover. Når vi kom opp til der innmarka/beitet slutta gjekk merkinga langs eit gjerde til skogsveien. Det er mykje kjekkare å gå den gode stien som startar der og går langs heile elvagjelet opp til der veien sluttar. Vi kom ned langs elva. Om du skal til Skåkleiva denne ruta så gå langs elva! Ved Bjørnåssetra >>>

Kart    

Rindal: Tifjellet

Dato:
15.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
6,9km
Kart    

Halsa/Surnadal: Saksa og Valen (M & R nr 800)

Dato:
13.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:53t
Distanse:
12,4km

Vi overnatta i bilen på parkeringsplassen til Fjordruta/Jutulbu. Fulgte merka rute mot Jutulbu og Saksa. Først langs traktorvei og deretter på merka rute, lett å finne fram. Passerte skilt mot Valen, denne ruta kom vi tilbake på. Veldig vått i lange myrparti før stigninga verkeleg starta. Litt snø i Fjellskaret og oppover ryggen til Saksa. Eit lett skylag låg nedpå toppen akkurat når vi var der sjølvsagt. Returnerte ned til myrane og tok kortaste veien til Valen. Frå denne fann vi ei blåmerka rute tilbake til stien og skiltet. Denne er ikkje mykje brukt enno, men vil vel bli tydelegare etterkvart. Kjøyrde til Settemsdal og overnatte i ei grushole. Lise plukka Hjelmen medan Vinjar og eg prata med ein lokalkar som hadde kjøpt seg hytte til 10000 kr på ein campingplass. Vart vist >>>

Eid: Branden

Dato:
08.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
6,0km
Kart    

Aure: Klakkan rundtur

Dato:
02.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:15t
Distanse:
24,3km

Vakna på Klakkan til skyfri himmel. 4 stk som skulle på ruta til Storfiskhytta kunne tipse oss om ruta til Storklakken. Ingen merking eller skilting frå parkeringa, ganske utruleg. No er ikkje vi spesielt opptatt av svarttrakka stiar men trudde her at vi skulle finne ei god rute til denne markerte toppen. Fulgte veien 5-600 meter vestover og skulle finne stien her. Det gjorde vi ikkje. Gjekk gjennom ei grind og langs eit gjerde. Her fann vi første raudmerkinga. Stien oppover var bratt og kronglete men gjekk no heilt greitt. Eit skylag hadde sige innover og vinden var tiltakande. Ikkje det heilt store lenger, Lise og Vinjar returnerte til parkeringa medan eg tok ei lenger runde for å prøve fullføre dette Aure-prosjektet. Ruta vart Litklakken-Kvenngrøfjellet-Bjørkalifjellet-Svartvassknubben-Sølømsfjellet-Vihalssætra >>>

Kart    

Aure: Steingeita, Ormsetfjellet, Hisåsen og Teviklia

Dato:
01.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
17,5km

Frå Aure sentrum er det merka Parkering Rovangen 6 km. Dette er ved ei skihytte/lysløype med reklame på bygget, Ove Aunli Sport 1 osv osv...(Tankane gjekk til 1985 og VM-stafetten i Seefeld) Her skulle vi få stå i fred lova ein lokalkar eg snakka med. Han forklarte meg kvar vi skulle gå for å komme oss over elva og mot Ormsetsætra. Gå nedover langs elva, over ei bru, rett nedover til venstre igjen, over ny bru og over ei myr til veien. Eg takka og bukka medan gneistar og småstein spruta rundt øyrene mine idet den senka BMWen i 5-serien spann avgarde. Etter ei god natt i bobilen vakna vi til godt turver, meldingane utover dagen var mykje dårlegare så her gjaldt det å komme seg avgarde. Gjekk slik BMW-karen hadde forklart, kom fram til ei bru før Ormsetsætra der det sat eit troll >>>

Kart