Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Rauma: Vakkerstølen

Dato:
21.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
51:07t
Distanse:
45,7km

Møre og Romsdal pf 100 1002/1156 Rauma pf 100 136/161 Hadde ikkje rekna med fleire turar i Rauma i år. Men godveret vil ingen ende ta, og Gard var interessert i ein tur til Vakkerstøylen. Gard er hovudpersonen i den handlingslause miniserien Gard Severin. I tillegg vinnar av årets Skåla opp BMI-klassen. Ein allsidig mann med humør langt over middels. http://www.fjordingen.no/incoming/2016/08/13/Suveren-klassevinnar-13174567.ece Kom til Tunga fredag ca 1000 etter tidleg start frå Ålesund. Fulgte den merka ruta til Vakkerstølen. Tørrt og hardt å gå over frosne myrar og bekkar. Konstaterte at det var folketomt i hytta, pakka om sekkane og gjekk mot Bjørnegga. Gjekk nesten fram til vatnet 1284 i Halsholet før vi tok opp mot Veslbjørnegga. Her var det litt snø i den austvende sida, det var ikkje godt å gå i det heile. Vidare nordover til skaret mot Bjørnegga >>>

Kart    

Rauma: Nonstinden, Møre og Romsdal nr 1000!

Dato:
13.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:20t
Distanse:
8,9km

Låg lenge og drog meg i bilen i dag. Bikkjekaldt, trumaen fekk gå ein time før eg våga meg ut under dyna. Så var det heller ikkje noko superlang tur eg skulle på, så greitt å vente til sola hadde fått tak. Parkerte på Nedre Røsta parkeringsplass. Her var det skilta i alle retningar og infotavle. Skilting til UTEDASS var det og. Fulgte stien mot Stordal/Fokhaugstova mm. No hadde eg heldigvis info frå Lise om stien bak jakthytta. Den var lett og finne, og den tok meg over skoggrensa. Så var det berre å peile seg opp steinura til ryggen og vidare lett til Nonstinden 1573. Nokre få snøflekkar oppover, mot toppen på det flate partiet litt meir snø, men ingen vanskar. Brukte akkurat 2 timar opp. Boka som Palmer Øverland la ut i 2000 var langt frå utskriven. Dette er nok ein flott >>>

Rauma: Middagstinden og Kinnakollen

Dato:
12.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:15t
Distanse:
12,1km

Hadde overnatta i bilen på Måna Camping. Kjøyrde bomveg, kr 90, mot Bøstølen og parkerte rett over brua der den merka ruta til Tindevatnet startar. Det var frose til, så hardt og fint å gå myrpartia langs elva. Snart oppe i sola vart det svettebyer og lettelse i antrekk. Runda rundt på nordsida av humpen 943 i skaret. Tenkte å ta denne på returen, slik vart det ikkje. Nå er den uvesentlig så det gjer forsåvidt ingenting. Opp bratt ur til den flotte ryggen som går til Middagstinden. Skjønte med ein gong at her vart det endringar i planane. På austsida av ryggen går det ei hylle/renne nedover i retning Kinnakollen. Denne skulle testast ut! Vidare langs den spennande og flotte ryggen til det luftige og meget fine toppunktet på Middagstinden. Lang og god pause i sola, her snakkar >>>

Rauma: Prosten, Langfjellet, Trollstolen, Blåstolen

Dato:
11.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:26t
Distanse:
23,1km

Første dag av eit kort 3-dagersraid i haustferien. Kom til Måndalen måndag kveld og overnatta på Måna camping. Runda over desse toppane er veldig fin. I skoggrensa ca 460 moh ligg det nokre hytter. Her møtte eg trivelege folk som var der på overnattingstur med veslejenta. Flott plass å tilbringe nokre dagar i den solvende sida der. Elles såg eg hverken folk eller fe på turen. Meir info finst under bilda.

Stryn: Hogden

Dato:
02.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Volda: Trollvasstinden

Dato:
24.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:02t
Distanse:
10,8km
Kart    

Eid: Blåsvednykjen

Dato:
23.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:00t
Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
21.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
9,2km

Rekrutteringstur til lokal topp. Thomas låg i lavvo med familien sin ved Kinna. Vi andre møttest på Lotsstøylen søndag kl 1130 og gjekk veien oppover. Rett før den 3. svingen tok vi av på svak sti innover mot den lisje pytten som heiter Kinna. Her møtte vi dei andre som hadde hatt ei fin natt. Etter mykje halloi og skitprat heldt vi fram vidare mot toppen. Ungane gjekk mykje sjølv oppover mot Svartegga. Stille og fint på toppen, lang matøkt. Returnerte samme veien. Vinjar fekk sove litt i bæremeisen. Lavvo-gjengen hadde ein del arbeid med å pakke saman så vi forlet dei ved Kinna. Turfølgje var Gustav og kona med dei to jentene sine, Thomas og kona med sine to jenter.

Kart    

Sunndal: Vettafjellet og Vikfjellet

Dato:
07.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:49t
Distanse:
15,3km

Status Møre og Romsdal pf 100: 993/1156 Vi hadde overnatta på parkeringa ved veis ende på Svinberget. Ein veldig roleg plass. Stien oppover er lett å finne, startar frå parkeringa, markert med ei raud pil på veiskuldra. Vinjar gjekk sjølv oppover skogen ca 220 hm. Så vart det bratt og vi tok han i meisen. Oppover mot mastene friskna det til med vinden. Lett å finne fram på stien som går heilt til topps. Skreiv oss inn i boka og fann le til matøkta. Så skilde vi lag. Eg skulle plukke Vikfjellet medan Lise og Vinjar gjekk ned til bilen igjen. Ryggen sørover mot Vikskardet er som Otto skriv uryddig. Gjekk litt ned i austsida. Frå skaret ei lita bratt kneik opp mot Nonshaugen, så lett sørover til Vikfjellet. Merka meg nokre store vardar som stod på austsida. Planen var å gå ned >>>

Kart    

Sunndal/Nesset: Krøshøa

Dato:
06.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
9,4km

Det hadde regna enormt om natta og på formiddagen. Stakk innom Aursjøhytta og kjøpte oss kake og kaffi medan vi grubla på kva vi skulle ta oss til med. Her var det eit internasjonalt miljø, jentene snakka engelsk med amerikansk vri. Worldwide backpacking og silikonpuppar stod på saklista. Vi kjøyrde austover, til der stien til Grøvudalen og Raubergshytta kryssar veien. Skulle gjerne tatt med Bjørnhovda på denne turen men det var heilt uaktuellt i dette veret. Den skal med i eit anna prosjekt frå Geitavollen. Då vart det ein enkel og grei tur til Krøshøa. Vått og fuktig i terrenget, skodde ca halve turen, men regnet slapp vi heldigvis. Lise gjekk først og staka ut kursen med GPS. Kom først til eit par vardar som ikkje var høgste punkt. Gjekk vidare til hovudvarden. Litt usikker >>>

Kart