Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Vågå/Dovre: Skardshøe

Dato:
06.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:02t
Distanse:
11,7km

Vinjar var kjempeflink på turen til Ståkåhøe og fekk ta tidleg kveld. Vi parkerte bubilen og overnatta der Holsetervegen startar. Sykla inn til Holesætri, sauene her var svært kontaktsøkande. Rota litt i starten, rutevalget opp til eg kryssa Smålågrovi var berre tull. Resten av turen heilt ok. Stien var tydeleg å sjå på returen og er grei å gå, men ein del einar og kratt gjer at shorts ikkje er å anbefale om du vil gå her.

Kart    

Vågå/Dovre: Ståkåhøe

Dato:
06.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:15t
Distanse:
8,8km

Ein topp forsåvidt utan mål og meining. Siste turdag i ferien på vei heim. Gjekk rundt seterkvia på Lefinnlii og fann stien som er innteikna på kartet. Fulgte denne oppover og kunne etterkvart peile oss inn på Ståkåhøe. Vinjar gjekk sjølv og var opptatt av å rydde stien for stein og kvist. Klatra og på fleire av dei store steinane oppover. På returen møtte vi på ein kar, det gjekk ikkje lenge før vi skjønte at han var ein likesinna. Vinjar fekk sitte i bæreselen nedover til bilen igjen. Lett og fin tur i ryddig og enkelt terreng.

Kart     1 kommentar

Lesja: Grønhøi

Dato:
05.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
4,5km

Reinheimen pf 100 87/115 Har aldri kjøyrt denne Slådalsvegen før, så det var ei oppleving i seg sjølv. Parkerte omtrent på høgste punkt der vi overnatta. Kald nordavind men sol og fint ver ellers. Fekk tørka dei våte kleda bak i bilen som hadde ligge der sidan Skarfjell-prosjektet. Veldig enkelt og lett å gå mot Grønhøi. Denne toppen har ein viss samleverdi sidan den ligg i Reinheimen pf 100-lista. Møtte 3 stk som var på retur, Lise møtte og ei dame. Så litt besøkt er nok denne toppen. Ikkje rart så lett og fint å gå som det er i dette området.

Kart    

Surnadal: Skarfjellet

Dato:
03.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,9km

Møre og Romsdal pf 100 1039/1156 Våt og trasige dag i Surnadal. Vi hadde blinka ut Skarfjellet, og etter å ha studert Stikk-Ut-brosjyra viste det seg å være sti oppver mot ein varde. Lise gjekk først og så bytta vi. Droppa denne varden og gjekk til høgste punktet. Var innom 2 punkt faktisk, ikkje godt å sjå i skodda kva som var høgast. Men 947 er ved den vesle varden, den store varden ligg lenger aust. Grei nok tur for å fylle dagen med eit kvart, men våte vart vi. Vinjar fekk kaste pinnar i elva nede i dalen og sjå Mummitrollet.

Kart    

Rindal/Surnadal: Gardfjellet og Gråhaugen

Dato:
02.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:18t
Distanse:
8,8km

To toppar rett under 100m-grensa. Greitt å plukke med når ein er i området. Hadde lite info, men satsa på ryggen opp sør for Kvernbekken. Til mi store glede var veret bedre enn frykta, og i tillegg var det sti opp til Gardfjellet. 45 min opp dit i bra driv. Vidare over Inner Slompen og til Gråhaugen. Såg Lise og Vinjar som rusla nede på demninga. I Slumpskaret stod det skilt med nettopp Slumpskaret på. Ein sti førte meg nedover den bratte sida der. Denne mista eg etterkvart og gjekk på måfå mot parkeringa igjen. Utruleg nok gjekk eg meg på ei fuglekasse midt i bukkemarka. Kikka nedi berre ein unge igjen. Svart kvit flugesnappar. Truleg ein ihuga ornitolog som held til i området. Fin og enkel runde over desse 3 toppane. Anbefaler å gå Gardfjellet først sidan stien ned er vanskelegare >>>

Kart    

Surnadal: Sandfjellet

Dato:
01.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
6,2km

Valgte å gå oppigjen denne toppen sidan eg bomma på høgste punkt for 2 år sidan. Då var det frisk vind på toppen og vi enda opp ved bua, boka og 888-toppen. Hugsar eg kasta eit blikk bort på 889, men fellene var alt av skia og med Vinjar i bærmeis var det berre å komme seg utfor kanten og sette telemarksvingar ned til bilen. Lise gjekk turen før meg, det er merka oppover med blå stikker og ein del stein. Følg veien oppover eit stykke mot Sandsetra og ta av til høgre når du ser første blåpinnen. Stien er lett å miste når ein kjem oppover eit stykke. Lett skodde på toppen, men utsikta hadde eg sist gong. Då har eg iallefall vært på Sandfjellet.

Kart    

Rindal: Rindhatten

Dato:
30.06.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:14t
Distanse:
34,0km

Møre og Romsdal pf 100 1037/1156 Lise gjekk denne turen først, Vinjar og eg sykla etterkvart innover mot Jøldalshytta. Etter mykje spel og morro der inne gjekk vi Lise i møte. Fulgte hennar tips om rutevalg til Rindhatten. Det er lurt å gå mot skaret sør for Tovdalsberga og følge sørsida av Åkerdalen nedover. Der ligg snøen lenge, og vegetasjonen er fråværande. Så er det greitt å berre trakke seg over flataste myra utan å tenkje på å gå oppe i sida, der er det lyng og elende. Elvane var store og det førte til kryssing med sko på, berre å hoppe uti. Akkurat dette likar eg, nærmast villmarksfeeling på denne turen. 3-4 skikkelege kryssingar kvar vei, herleg! Folketomt på denne flotte toppen i Trollheimen. siste besøk var 16 april utfrå boka som ligg i ei plastflaske godt >>>

Kart    

Surnadal/Rindal: Mellomfjellet, Geithøtta og Trollhøtta

Dato:
27.06.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
31:21t
Distanse:
53,7km

For å prøve få litt effektivitet og utnytting av dagane, vart det denne turen solo frå Gjevillvatnet til Kleva. Vi overnatta i bubilen alle 3 på parkeringa i Gjevilvassdalen. Eit par jenter slo opp teltet under den store fura, vi kosa oss i bilen i regnbygene. Vinjar og Lise skulle bruke desse to dagane på forflytting samt turar med Inger Lise på Oppdal. Dag 1. Fulgte stien til vadepartiet over Gravbekken. Her var det ein så stor skavl på andre sida at det var umuleg å komme seg opp. Gjekk derfor oppover elva eit stykke og kryssa der. 3 svenske gutar låg i telt ved vadet. Dei hadde gått i snø dagen før og vurderte å snu, noko dei truleg gjorde sidan eg aldri såg dei meir igjen. Dei 2 jentene i teltet snudde og her, tok det som ein dagstur og ville vente på bedre ver for å gå >>>

Kart    

Dovre: Storhøe

Dato:
25.06.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:53t
Distanse:
16,0km

Kart    

Dovre: Storkuva og Veslkuva

Dato:
23.06.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
10,0km

Kart