Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Sunndal/Lesja: Eggekollan og Grønliskardtinden

Dato:
28.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:17t
Distanse:
25,7km

Møre og Romsdal pf 100 1048/1156 Det er klart at skal ein på Grønliskardtinden er det ski som er tingen. Ganske langdrygt og kjedeleg. Dette var eg sjølvsagt klar over, men no var eg på tur her så da så... I det eg skulle til å gå fekk eg sms frå JPV som var klar for tur neste dag i Rauma! Det vart ein ekstra motivasjon undervegs. Det er god sti og gå på frå Geitavollen og inn Geitådalen. Gå forbi den raude hytta på høgre sida og du finn stien med ein gong. Det var folk i hytta når eg kom tilbake, men såg dei ikkje. Usikker på dette med den parkeringa som er avmerka her på PB. Det er veldig nære hytta og eg ville spurdt dei om dette var greitt. Evt kan ein parkere over brua på høgre sida av veien. Når ein kjem inn dalen over skoggrensa forsvinn stien delvis, men det er >>>

Kart    

Nesset/Lesja: Bjørnhovda, Søre Svarthåmåren og Geitåhøi

Dato:
27.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:07t
Distanse:
18,9km

Møre og Romsdal pf 100 1047/1156 Bjørnhovda var turens hovudmål sidan den ligg i Møre og Romsdal. Forsåvidt heilt grei tur opp her, utan sti eller spor av menneske. Ein svært lite besøkt topp. Så plukka eg eit par 1800ingsar som ikkje var spesielt spennande. I tillegg til mykje vind vart dette ikkje den store opplevinga. Såg over mot Grønliskardtinden som eg hadde i tankane for neste dag, såg heller ikkje lystig ut. Stein, stein og atter stein, langdrygt og kjedeleg. Tilbake i bilen var eg ganske fornøgd med dagen uansett!

Kart    

Nesset/Rauma: Hoemtinden, Hauduken og litt til

Dato:
22.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
11:09t
Distanse:
24,5km

Møre og Romsdal pf 100 1046/1156 Denne turen har stått på blokka sidan 2014, endeleg var det mulighet. Heldigvis stilde Torleiv ein mann, dette vart årets ferie for han. Overnatta i telt ved Nedste Mardalsvatnet. Kom oss avgarde 0750. Demninga er ikkje gangbar! Dvs vi kunne prøvd men eit fall ville vært ein svært dårleg start på dagen. Heldigvis såg Torleiv brua litt lenger nede. Denne var vi ikkje klar over. Har lagt den inn i systemet. Flott og enkel tur over Evelsfonnhøa og Rangåtind til Hauduken. Lange snøbakkar sparte oss for mykje tid og labbing i steinur. Så var det ryggen til 1719 nord for Hauduken. Vi gjekk nedover og tok ein titt. Torleiv fekk skrapa opp flesket litt og nesten nede i skaret bestemde vi oss for å snu. Skal du gå denne ryggen bør du være av eit anna >>>

Herøy: Keipen, pf 50&100 komplett

Dato:
19.07.2017
Turtype:
Fjelltur

Sunnmøre pf 100 518/519 Møre og Romsdal øytoppar 43/43 Ragnar ordna skyss med Lasse, som meget velvillig stilde opp med båt. Møttest kl 1220 ved hamna på Kvalsund. Susa utover til Skorpa, brukte litt tid for å komme oss inn og legge oss til. Meget grunt her. Trikset skal være å sikte på ei gule bøye som ligge oppe på marka bak husa. Ekkoen viste sånn 1-2 meter lenge så det var marginalt, mykje sidan det var nesten full fjøre. Fekk hjelp av ein artig kar på kaia. Vi måtte berre innrømme at dei to som ikkje styrde båten kunne kallast landkrabber. Rusla forbi husa og tok til høgre og gjekk langs eit gjerde. Fulgte vidare stien til toppen. Sjølv om det bles ein del på sjøen var det vindstille på toppen. Ein meget fin dag å besøke denne spesielle plassen og toppen.

Kart    

Sykkylven: Synnavindsnipa, pf 100 komplett

Dato:
10.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:49t
Distanse:
18,7km

Møre og Romsdal pf 100 1040/1156 Kom meg avgarde frå Erstad ca 1100 etter å ha kjøyrt Volda/Ørsta. Det betyr 2 ferger men mykje kortare kjøyring. Ein familie på 4 starta omtrent samtidig. Tvillingpar i 11-årsalderen var veldig ivirige og morsomme. Dei hadde og Synnavindsnipa som mål. Skilde lag med dei etter kvart då dei skulle gå om Stabben og nordryggen. Eg ville gå frå sør for å få med meg Stokkfonntinden i tillegg. Fann ingen god rute opp mot Synnavindsnipa. Ein del snø og klyving vart det. Familien på 4 var ikkje å sjå, eg venta ei stund før eg returnerte. Prøvde risikabelt nok ei anna rute ned over 3-4 renner før eg kom til renna som tok meg ned i botnen igjen. Ikkje å anbefale, men det gjekk heilt greitt. Stokkfonntinden ja, ut frå kart skulle ein tru at 1205-toppen >>>

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
09.07.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,7km
Kart    

Vågå/Dovre: Skardshøe

Dato:
06.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:02t
Distanse:
11,7km

Vinjar var kjempeflink på turen til Ståkåhøe og fekk ta tidleg kveld. Vi parkerte bubilen og overnatta der Holsetervegen startar. Sykla inn til Holesætri, sauene her var svært kontaktsøkande. Rota litt i starten, rutevalget opp til eg kryssa Smålågrovi var berre tull. Resten av turen heilt ok. Stien var tydeleg å sjå på returen og er grei å gå, men ein del einar og kratt gjer at shorts ikkje er å anbefale om du vil gå her.

Kart    

Vågå/Dovre: Ståkåhøe

Dato:
06.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:15t
Distanse:
8,8km

Ein topp forsåvidt utan mål og meining. Siste turdag i ferien på vei heim. Gjekk rundt seterkvia på Lefinnlii og fann stien som er innteikna på kartet. Fulgte denne oppover og kunne etterkvart peile oss inn på Ståkåhøe. Vinjar gjekk sjølv og var opptatt av å rydde stien for stein og kvist. Klatra og på fleire av dei store steinane oppover. På returen møtte vi på ein kar, det gjekk ikkje lenge før vi skjønte at han var ein likesinna. Vinjar fekk sitte i bæreselen nedover til bilen igjen. Lett og fin tur i ryddig og enkelt terreng.

Kart     1 kommentar

Lesja: Grønhøi

Dato:
05.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
4,5km

Reinheimen pf 100 87/115 Har aldri kjøyrt denne Slådalsvegen før, så det var ei oppleving i seg sjølv. Parkerte omtrent på høgste punkt der vi overnatta. Kald nordavind men sol og fint ver ellers. Fekk tørka dei våte kleda bak i bilen som hadde ligge der sidan Skarfjell-prosjektet. Veldig enkelt og lett å gå mot Grønhøi. Denne toppen har ein viss samleverdi sidan den ligg i Reinheimen pf 100-lista. Møtte 3 stk som var på retur, Lise møtte og ei dame. Så litt besøkt er nok denne toppen. Ikkje rart så lett og fint å gå som det er i dette området.

Kart    

Surnadal: Skarfjellet

Dato:
03.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,9km

Møre og Romsdal pf 100 1039/1156 Våt og trasige dag i Surnadal. Vi hadde blinka ut Skarfjellet, og etter å ha studert Stikk-Ut-brosjyra viste det seg å være sti oppver mot ein varde. Lise gjekk først og så bytta vi. Droppa denne varden og gjekk til høgste punktet. Var innom 2 punkt faktisk, ikkje godt å sjå i skodda kva som var høgast. Men 947 er ved den vesle varden, den store varden ligg lenger aust. Grei nok tur for å fylle dagen med eit kvart, men våte vart vi. Vinjar fekk kaste pinnar i elva nede i dalen og sjå Mummitrollet.

Kart