Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Luster: Grånosene

Dato:
02.09.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,9km

Takk og pris for at eg tok postbilen til overnattingslokale denne helga. Ganske greitt sidan drikking og rølprat skulle skje i vogna til Ellen og Johan. Og ikkje minst å sleppe å kjøyre den svingete, smale og dårlege grusvegen opp til Engjadalen med bobilen. Vidare til Vassvollane/Flatningane parkering bomveg, smal og bratt men forsåvidt ok. Bra parkeringsplass. Så vart turen til Grånosene av det veldig enkle slaget. Det er traktorspor å følgje til ca 1000 moh der eg tok av og gjekk austover retning Grånosene. Her var det eit bra trakk som gjekk å følgje stort sett til topps. Kjempelett tur!

Kart    

Eid: Gildra

Dato:
01.09.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
1,9km

Kart    

Sogndal/Luster: Tuftanovi, rundtur utanfor allfarveg

Dato:
29.08.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
26,5km

Etter mange runder med måling og grubling på korleis angripe dette området, vart løysinga 2 dagssturar. Den første ligg her, den andre som er Torstadnakken, nordtoppen og 1562 aust for Steindalsbreen blir ein anna gong. ( Sogndal: Torstadnakken + rundtur ) Anestølen er utgangspunkt for begge turane. Bomveg kr 50 for å komme inn. Bobil og campingvogn ikkje tillatt. Tilrettelagt og inngjerda parkering. Bra sti oppover til Tverrdalsvotni. Her er det ei lita bru over elva. Vidare på sauetrakk/sti mot Store Tverrdalsvatnet. På sørsida av vatnet her var det ikke lett å gå, harde snøfonner og bratte parti. Måtte derfor opp eit stykke. I 1343-skaret viste GPS 7 km, og no starta rundturen. Veldig lett og fint å gå over Tverrdalstind og ryggen til Tuftanovi. Vidare litt meir stein/sva, så lange snøparti opp mot 1608. >>>

Kart     1 kommentar

Volda: Keipen

Dato:
28.08.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,5km

Enkel og fin tur på sti til Keipen i strålande ver. Med LaGuiomar (Guiomar Dohnalek) og Christian König

Kart    

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
23.08.2021
Turtype:
Fottur
Kart    

Gaular/Høyanger: Huldrenova, Skarfjellet og Geitebotsfjellet

Dato:
22.08.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
17,5km

Huldrenova og Skarfjellet kan ein lett ta ved å kjøre bomvegen fra Oppedal. Men du bør verkeleg lese info om denne før du kjøyrer! Oppedal-Stølsdalen bomveg No hadde eg som vanleg planar om ein rundtur. Parkerte langs vegen ved Gjermundstadmyra og gjekk veien innover. Det er skilta Gjermundstadskaret. Denne ruta krysser imidlertid Fossestien som er merka F. Her vart det litt krøll før eg fann eit svakt trakk som tok av. Det blir tydelegare og er veldig god å gå til du kjem opp i Gjermundstadskaret. Etter at eg kryssa brua ca 800 moh forsvann stien, men no var det lett å gå vidare. Huldrenova. Høgde målt med GPS 1141-1142. Skaret i strupen målt til 1041. Enno ikke meterskoter på hoydedata men har leita rundt med pila og denne er veldig truleg 100 + pf. Endrar den til 100 no, så får eg heller korrigere >>>

Kart    

Balestrand: Vassdalsnipa, Vatnaskredfjellet og Såfossenipa

Dato:
21.08.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
18,2km

Ein svært fin rundtur over 3 toppar det er naturleg å ta i ein jafs. Parkerte ved stistart Torsnesstølen. Bra plass her til 10-12 bilar. Veistubben vidare innover er stengd med bom. Stien innover er veldig god og lett å gå. Dagen i dag var 60-årsdagen for reisinga av minnesteinen til Hugleik Tungøen i 1961. Kom i prat med lokalfolk som holdt på med vedlikehald på hytta. Ein bergenser bygde den i 1932, no hadde grunneigarar i Sværen tatt over. Kryssa elva rett ved hytta og gjekk stien oppunder fjellet. Ganske bra å gå til ein kjem opp i botnen på delvis sti/dyretrakk. Vidare i steinete terreng til topps. Turen vidare seier seg sjølv, ingen vanskar heller. Ryggen vestover frå Såfossenipa endar i ein bratt bakke der det er eit godt dyretrakk. Over og ned fra 907-toppen var det >>>

Kart    

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
16.08.2021
Turtype:
Fottur
Kart    

Eid: Ytre Åsane

Dato:
15.08.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,0km
Kart     1 kommentar

Eid: Sagtennene

Dato:
14.08.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,8km
Kart