Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Gaular: 2000-jubileum

Dato:
08.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:30t
Distanse:
22,6km

Vi hadde 2 bilar til dette prosjektet , og planen var å dele oss etterkvart. Parkerte den eine bilen på Fyling/Følling etter avtale med grunneigar. Kjøyrde så til Oppedal der det er bomveg Oppedal-Stølsdalen kr 50 som betalast kontant. No hadde vi ikkje nok pengar men Vippsa til naboen som skulle legge 50 kr i kassa. Veien oppover er eit kapittel for seg sjølv. Her må du ha 4x4 og god bakkeklaring. Store steinar stakk opp her og der så noko senka BMW passar ikkje her. Etter støylen ser vi veien som er skoten inn i fjellsida. Vi kjøyrde sakte oppover, passerte ei stor steinblokk som låg midt uti veien, og over pukka parti som i tillegg var veldig smale. Ingen sikring mot stupet. Fyflate for ein vei! Må innrømme at dette var heftige greier. Snudde bilen og parkerte på 930 moh. >>>

Kart     1 kommentar

Flora: Haukåbøra og Gløsen (S&F nr 600)

Dato:
07.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:47t
Distanse:
17,2km

Miljøvennleg friluftsliv kan vi vel ikke kalle dette sidan vi kjøyrde 3 bilar frå Nordfjord til Norddalsfjorden. Torleiv skulle heim, Kjetil skulle til Førde og eg skulle være eit par dagar lenger i Sunnfjord. Men dette ga muligheter for ein rundtur. Sette igjen 2 bilar i krysset til Norddalsfjorden og kjøyrde inn til gravlunden. Fulgte traktorveien innover og tok av mot Øyrelægda. Denne hylla/lægda er veldig lett å gå. Mykje bart fjell med enorm friksjon. Fann eit punkt opp frå denne lægda til søraustryggen som fører til Gløsen. Så vidare til Litlebøra og vidare mot Haukåbøra inn på den merka ruta. Flott dag på toppen. Den kriminelle aktiviteten på Guleslettene er alt synleg i form av veiar. Ubegripeleg at det skal være lov i dag å øydelegge eit slikt særprega landskap >>>

Kart