Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
27.04.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Skjåk: Høggøymen og Tordseggje

Dato:
22.04.2019
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:24t
Distanse:
42,0km

Reinheimen pf 100 94/116 Det var lite bilar på parkeringa på Billingen, tydeleg at påska var over. Ein kar på scooter skulle innover med ved til hyttene, dette takka vi for seinare på dag. Kom oss avgarde før kl 1000. Kunne kjapt konstatere med staven utanfor scootersporet at det var botnalause sørpe alt så tidleg på føremiddagen. Aiai dette kunne bli interessant ja. Kryssa brua og kjempa oss oppover sida i råten snø. Som vi tenkte kom dette seg oppover når det flata ut på 1200 meters høgde. Peila oss inn i rett linje forbi Langvatnet mot Høggøymen. Var innom 3 pkt som alle har 1740-kote. Truleg er den midterste høgast med 1747 som registrert her, men den søre er ikkje langt unna. Nordtoppen og trigpkt er klart lavare. Tok av kortfellene og glei mot Torsflyene. Prøvde styre >>>

Skjåk: Vulueggi

Dato:
17.04.2019
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:16t
Distanse:
25,7km

Reinheimen pf 100 92/116 Greidde å kome meg avgarde på solotur frå Billingen. Det er tungt å reise åleine no, vil helst ha turfølgje. Tenkte kanskje det var mykje bilar på parkeringa på Billingen, så valde å gå frå hyttegrenda litt lenger vest. Kryssa meg opp skogen der, og så lett mot Veslefjell. Ein kar på truger på retur gjorde ein brå sving for å sleppe å snakke med meg. Seinare oppunder Veslefjell hadde eg matøkt og kom i prat med ein lokalkar som var meir kontaktsøkande. Ellers såg eg ikkje folk heile dagen. Turen vidare frå Veslefjell er enkel, men noko dryg langs Vulueggi. Såg spora til Johan som var her for nokre dagar sidan. Ein sur vind på toppen gjorde besøket kort og kosen uteblei. Nedkjøyringa mot Billingen hyttefelt fulgte eg spor etter anbefaling frå >>>

Kart    

Eid: Ljøskarhaugen og Tytebærhaugen

Dato:
14.04.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
10.04.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Luster: Heggmyrane -> Leirdalen

Dato:
06.04.2019
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:30t
Distanse:
26,0km

Sogn og Fjordane pf 100 574/1168 (Denne blir neppe fullført men ein kan nå telle seg oppover) Frå Nonhaug hadde vi sett at det var snø i heile traseen på skisenteret. I utgangspunktet var vi motiverte for 3 toppar frå sør, Høgaleinene, Krokberg og Rånøyeggi. Etter eit par dagar med sjukdom i kroppen var eg ikkje heilt i toppform. Sleit som vanleg med å få i meg nok mat, i tillegg til for lite væske på turen som vart lenger enn planlagt. Etter å ha inspisert sanitærforholda på skikafeen og slått av ein prat med skipatruljen kom vi oss avgarde rett over 10. Vi la på langfeller og gjekk rett opp heile traseen. Dei som passerte oss var stort sett 5-6 turgåarar som vi fekk kontakt med utover dagen. Dei hadde lurt på kva tulljebukkar som gjekk opp. Starta turen frå heisen vidare >>>

Kart    

Luster/Sogndal: Skinarfjellet

Dato:
05.04.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:19t
Distanse:
8,8km

Etter turen til Bjørnstigfjellet satsa vi på Nonhaug. Prøvde oss først mot Barsnes, men her var det umuleg å finne noko fornuftig parkering til bubilen. Vi ville heller ikkje kjøyre lenger innover sidan det stod skilt om at dette ikkje var ok. Løysinga vart derfor å prøve frå Solvorn-sida. Parkerte langs veien ved hårnålsvingen, heilt greitt. Fulgte skogsvei eit stykke før vi tok av på merking mot Setålen. Oppover lia herifrå var det delvis merking som vi mista etter kvart. Vart og meir snø så vi la vekt på å følgje dei bare partia oppover sida. Frå skoggrensa og oppover var det mykje snø. Heldigvis låg denne ikkje i solsteiken så den holdt oss godt heilt til toppen. Kasse med bok, berre eit besøk før oss i 2019. Frå toppen kunne vi med interesse sjå skitrekket >>>

Kart    

Sogndal: Snaueggi

Dato:
05.04.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:17t
Distanse:
5,7km

Torsdag kveld var vi på lærarstemne i Sogndal. Tema: Psykisk helse og ungdom. Ein tankevekkar. Eg var langtifrå i form, kjende at kroppen ikkje var klar for storturar. Vi køyrde difor til Fimreite og sikta oss inn på eit par enkle turar neste dag. Her fekk vi tilvist parkering med bonden på siste garden. Vi fekk og tips om rute opp til Bjørnstigfjellet/Snaueggi. Etter middag og leskedrikk tok vi tidleg kveld i bubilen. Dagen etter gjekk vi først veien oppover eit stykke, forbi nokre graner. Her går det eit trakk/sti bratt opp. Ikkje heilt enkelt å følgje, men skogen er open og fin. Kom etterkvart opp i snøen som heldigvis var såpass fast at den holdt oss. Gjekk under linja, her var det og ein slags vei delvis synleg under snøen. Oppe på toppen rusla vi rundt og var innom 4 punkt >>>

Kart    

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
03.04.2019
Turtype:
Fottur
Kart     1 kommentar