Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Eid: Ytre Åsane

Dato:
29.03.2018
Turtype:
Fottur

Etter påskeferie i Sunndalsfjella var det kjekt å roe ned med fottur til Ytre Åsane saman med Vinjar. Middag hos besta før vi la i veg, og forma var topp heile turen. Vinjar gjekk med brettekoppen sin, og gleda seg til å komme inn til Mosesbekkjen. Ja, den har namnet sitt frå bibelsoga. Han plukka forskjellige skattar i koppen i tillegg til ein hai han hadde med heimafrå. Praten gjekk i eit sett på han, for det meste om dyr og fuglar og pinnar og konglar. Dette er svære greier, og eg prøvde svare etter beste fattige evne på alle spørsmåla. Åsane er ein populær tur, vi møtte fleire følgjer, blant anna gravemaskinmannen som held på rundt driftsbygninga her på bruket. På retur fekk vi grille pølse med dei i bålpanna som står rett innafor den siste dyrka marka. Kjempefin >>>

Kart    

Sunndal: Storrunde sør for Raubergshytta

Dato:
27.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
9:03t
Distanse:
33,0km

Møre og Romsdal pf 100 1076/1159 Siste skikkelege turdag før heimreise. Vakna tidleg og fyrte i omnen. Det vart kaffi og ein Real-pakke ispedd potetmos til frokost. Utan denne hadde dagen blitt strevsom. -2 og mindre vind når vi starta. Skyfri himmel igjen, dette holdt seg heile dagen. Sjølv om buketten med 5 pf 100-toppar sør for hytta var planen var eg klar over at dette ville bli langt med det utstyret vi hadde. Først til Storpurka, markert med trig pkt 1614 som toppunkt. Trur det er 1 meter eller så høgare ca 190 meter mot nord. Så kryssa vi scooterleden mellom Håkodalsvatna. Stortrafikk mot Torbudalen, alle skulle på hytta. Ungar og hundar og besta og pikk og pakk bak på sledane. På Håkodalshøa hadde det vært ein skiløpar rett før oss, ferske skispor. Så gjekk det greitt >>>

Kart    

Sunndal: Dordinakkan + 3 andre pf 100

Dato:
26.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
7:27t
Distanse:
26,9km

Møre og Romsdal pf 100 1071/1159 Meldingane for dagen var strålande og dette slo forsåvidt til. Ikkje ei sky på himmelen, men -10 ved start og veldig sure vind i periodar øydela litt av kosen. I periodar gjekk vi med dunjakka på, det er ikkje kvardagskost for Kroksleiven som vanlegvis går i ullskjorta. Elendig skiføre i høgda, men sidan vi gjekk med smale telemarkski og plastsko gjekk dette heilt greitt. Fjellski og lave sko er eit mareritt som eg helst vil prøve å unngå under slike forhold. Som dagen før var det stygge lydar i snøen heile tida, men ingen problem i høgda. Trygg og fin runde. Dordinakkan er eit fantastisk utsiktspunkt, her skulle vi gjerne ha kosa oss lenge. På grunn av vinden vart det kjapp retur ned til Storhårbårvatnet. Her var det rolegare. Vi var veldig >>>

Sunndal: Seterfjellet og Grynningdalskollen

Dato:
25.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:18t
Distanse:
14,8km

Møre og Romsdal pf 100 1067/1159 Vi vakna etter ei god natts søvn på Raubergshytta. Sidan vi var åleine låg vi inne i opphaldsrommet. Fyrte i ovnen og tok oss tid til ein kopp kaffi. Dagens tur var ikkje av dei lengste og veret heller ikkje heilt toppers. Så ingen stress, vi var på ferie. Kom oss til slutt avgarde og peila oss inn på Seterfjellet. Her har eg vore før, men fin å ta i rundturen. Og så fekk Torleiv seg ein ny 1800-metring. Mot toppen tjukkna det til og var på grensa til utriveleg. Kun kort pause ved varden før vi glei vidare mot Grynningdalskollen. Mot denne og vidare til hytta vart det lettare skydekke og rett så triveleg. Veldig stygge lydar i snøen. Snølaget under oss kollapsa mange gonger, faktisk slik at vi kjende det. No var dette i dalar og flatare parti. >>>

Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
11.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Eid: Movatnet

Dato:
06.03.2018
Turtype:
Fjellskitur
Kart