Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Rauma: Smørbottstinden og Gråfonnfjellet (pf 100 komplett)

Dato:
27.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:30t
Distanse:
17,5km

Rauma pf 100 161/161 Etter turen til Storbotnshornet og fullføring av Sunnmørslista kom Torleiv og eg til Slettvikane seint på kveld. Fekk opp teltet og mekka mexikansk gryte med wienerpølser i som gjekk ned på høgkant. Stjerneklart, vindstille og fin temperatur. Kom oss avgarde i halvti-titida eller noko slikt. Torleiv var noko tung i steget oppover den merka ruta mot Berill. Etter litt pausar og kartstudier vart vi eininge om å skille lag denne dagen, noko som er heilt problemfritt for begge. Han gjekk for 4 toppar i Norddal, ei kommune han har eit meir kjærleg forhold til enn Rauma. Så kunne eg gå for dei to toppane eg hadde på blokka, og begge kunne styre sitt eige tempo. Turen over til Småhola er veldig fin. Stien er grei å følgje og er stort sett godt merka. Flotte tindar rundt >>>

Sunnmøre: Storbotnshornet (pf 100 komplett)

Dato:
26.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:39t
Distanse:
21,0km

Sunnmøre pf 100 519/519 Ein fantastisk tur. Langt, mange høgdemeter, opp og ned, klyving, lite folk og strålande ver. Torleiv fekk seg 5 nye toppar, vi venta medan han gjekk på Sandegga. Jan Petter har tenkt på Storbotnshornet ganske lenge og endeleg fekk vi til dette ilag. Svære greier. For GPS-spor sjekk Jan Petter sin tur. Min GPS streika etter batteriskift. Meir info under bilda. https://peakbook.org/tour/229839/Rollsbottskorka+-+Grytavasstind+-+Storbotnshornet.html

Eid: Holtevarden og Langelandshornet

Dato:
24.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:00t
Kart    

Averøy: Mekknøken

Dato:
18.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:34t
Distanse:
11,4km
Kart    

Kristiansund: Hotten

Dato:
17.08.2017
Turtype:
Fottur
Kart     1 kommentar

Averøy: Storheia

Dato:
17.08.2017
Turtype:
Kajakkpadling
Turlengde:
3:15t
Kart    

Averøy: Hågen

Dato:
17.08.2017
Turtype:
Spasertur
Kart    

Averøy: Hågen

Dato:
16.08.2017
Turtype:
Spasertur
Turlengde:
0:10t
Distanse:
0,3km

Kollegatur med 30 lærarar frå EUS. Det tok ikkje lenge før Kroksleiven vart med på øyas høgste punkt. Dei andre kollegaene oppsøkte puben. Sjølvsagt ikkje noko vanskeleg å finne fram. Flott kveld med fint lys, god temperatur og vindstille. Dei 2 neste dagane vart like fine.

Kart    

Rauma/Nesset: Gjuratinden

Dato:
09.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:51t
Distanse:
15,0km

Rauma pf 100 159/161 Møre og Romsdal pf 100 1055/1157 Jan Petter var klar for ny tur etter gårsdagens stortur til både Kvanndalstinden og Romsdalshornet. Kjøyrde bomveg kr 50 til Rabben. Gode parkeringsforhold, stor plass merka med P. Stien startar litt nærmare hyttene og er merka Hoemsbu og Svartvassbu. Veldig god sti som vi fulgte nesten opp til Hoemskaret sør for 1430-toppen. Her tok vi av over snøfelt/bre på austsida av Gjuratinden. Første vanskelege punkt er å kome seg av breen og inn på svapartia. For oss gjekk dette fint, men her kan det være vanskar om meir snø er smelta. Svapartiet er glatt, dvs fuktighet her er lite gunstig. Det er bra med tak om ein held seg heilt inntil fjellet. Når vi kom opp og bak den neste snøbreen fann vi rapellslynger. Vi tok ein kort rapell ned >>>

Kart     1 kommentar

Rauma: Kvanndalstinden

Dato:
08.08.2017
Turtype:
Alpin klatring
Turlengde:
9:00t
Distanse:
12,0km

Jan Petter og Gunn har skrive og lagt ut mange bilder + gps-spor frå denne turen: https://peakbook.org/tour/226222/Kvanndalstinden+og+Romsdalshornet.html Skriv ikkje meir om denne turen, men det var trivelege møter med andre fjellfolk. Tre andre var på Kvanndalstinden denne dagen. Sidan eit par av dei var frå Vågå-området spurde eg om dei kjende Geir Arne. Seigemannen ja! var svaret eg fekk :-) Ei av jentene var Ingvild Øyjordet som skal være på Sæbø i september. Eg valgte å rusle roleg tilbake til parkeringa medan JPV og TopGun tok laust på Romsdalshornet. Her fekk eg haik med ein gong med eit par som skulle til Isfjorden. Etter litt samtale kom det fram at dette var kameraten til Sondre Kvambekk som vi møtte på Storen og Turtagrø 15. juli. Snodige greier korleis ein møter folk... https://peakbook.org/tour/226467/Kvanndalstind+%26+Romsdalshornet.html

Kart