Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Stryn/Luster: Kvitekoll, Nordfjord pf 100 komplett!

Dato:
27.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:45t
Distanse:
40,7km

Stryn pf 100 89 toppar, komplett liste. Nordfjord pf 100 310 toppar, komplett liste. For dei som ikkje skulle være kjendt med eller i Nordfjord, så består regionen av kommunane Stryn (89), Hornindal (29), Eid (34), Gloppen (67), Vågsøy (23), Bremanger (64) og Selje (28). Antall toppar i parentes. Etter gammalt høyrer søre delar av Bremanger til Sunnfjord, men i denne sammenheng får det gå greitt at heile Bremanger er med i lista. Høgste topp: Lodalskåpa 2083 Lavaste topp: Fløyna 101 (Nakken på Gangsøya var tidlegare registrert med 100 m, men nye kart viser at toppunktet er 105.) Vanskeligaste topp: Tindefjell 1776

Skjåk: Skridulaupen

Dato:
21.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:45t
Distanse:
19,1km

For første gang i min karriere skulle eg gå ein tur i turlagsregi. Dag Apalseth frå Sandane og eg var turleiarar til Skridulaupen for Midtre Nordfjord Turlag. Oppmøtet på Rutebilstasjonen på Nordfjordeid var ikkje stort, men eit veldig spenn i alder og geografi. Kroksleiven stilde med kona til Gustav, ho er frå Nederland. Ein tysk gut i starten av 20-åra. Ein sunnmøring på 70 og onkelen til Dag som er 65. Vi vart 7 stk totalt. Grått gjennom Stryn kommune, men oppe på Strynefjellet klarna det opp. Kunne ta på skia ved vinterparkeringa sør for hovudveien på Grotli. Gjekk over brua ved Morådalslægret og peila oss inn mot Skridulaupen. Det ser bratt ut opp den breen på nordsida, men den sida legg seg veldig når ein nærmar seg slik det ofte brukar å gjere. Turen var prega av >>>

Kart    

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
20.05.2016
Turtype:
Fottur
Kart    

Skjåk/Rauma/Lesja: Billingen -> Trollkyrkja og Storhøa

Dato:
16.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:30t
Distanse:
53,1km

Endeleg fekk eg med bror til Torleiv på ein skikkeleg langtur. Det hadde vore knallharde forhandlingar og rundt midnatt var det brudd i meklingane. Etter at nye tilbod vart lagt på bordet på morgonkvisten var det åpning for Gustav sin lengste skitur nokonsinne. Etter forrige helgs 2-dagers rundt Torsbu hadde eg vel ikkje tenkt meg hit igjen i år. Den blaute snøen då + kalde netter siste veka fekk meg til å lure på om ikkje føret no var legendarisk. Føret var intet mindre enn legendarisk. Hardt og lettgått, litt nysnø enkelte parti, sola fekk varma snøen litt enkelte parti. Vi gjekk for det meste uten feller. Har skrive gode kommentarar til bilda, så skriv ikkje allverden her. Ruta var: Billingen-Vest for Store Føysa- Langvatnet-Nordre Bolla-Trollkyrkja-Storhøa-Sponghøi-Dør-Aust >>>

Kart    

Eid: Åsane, ytre, øvre

Dato:
15.05.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:00t
Kart    

Eid: Utsikten

Dato:
10.05.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:00t
Kart    

Eid: Utsikten

Dato:
09.05.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:00t
Kart    

Skjåk/Rauma: Billingen -> Karihøa

Dato:
08.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
15:00t
Distanse:
60,8km

Denne helga fekk eg med intet mindre enn 2 kollegaer frå Eid Ungdomsskule. Torleiv og Kristian er eit radarpar, til glede for mange elevar. No skulle eg få glede av humøret deira. Møttest på Nordfjordeid 0700, det betyr klar til å gå frå Billingen ca 0900. Parkerte nær hovudveien, der stod det alt 3-4 bilar. Eit par var på vei mot Skarvedalsområdet, dei andre var på Veltdalshytta fekk vi vite seinare. Vi tok på oss skia med ein gong, registrerte at snøen var veldig våt ja. Kryssa brua over Torda 800 moh og gjekk oppover mot Låggøymen. Føret var tungt. Etter litt felleproblematikk vart føret bedre frå 12-1300 moh. Holdt fram over vatn 1370, vest for Låggøymen og heilt nord til skaret mellom denne og Tordskyrkja. Her sette vi igjen sekkane og gjekk lett dei ca 100 høgdemeterane >>>

Kart