Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Oppdal: Raudhovden

Dato:
26.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
7,0km

Vi parkerte på Grøtsætra, her var det folksomt og stor påskeutfart. Fekk Vinjar på plass i pulken og fulgte løypene så langt som muleg før vi tok av og gjekk rett sørover mot toppen. Eit par bratte parti opp der. Dvs ikkje bratt, men slik at vi måtte være litt obs med pulken i skråpartia. Kom oss heilt fram til varden med pulken, finfint sidan Vinjar då kunne sitte der heile tida. Han hadde duppa litt av undervegs, og var litt betenkt over alle dei nye folka då han vakna. Men så kom Otto med kyllinglua si og Kvikklunsj og då var det berre velstand. Vinjar skratta som vanleg godt når det blir fart på pulken i nedoverbakkane. Tilbake på Grøtsætra var det innom kafeen og kjøpte kaffi og vafler. Vinjar vekkte oppsikt med kyllinglua som han fekk låne.

Oppdal: Allmannberget

Dato:
25.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:04t
Distanse:
9,9km

Lise var med Johan og Kristine på Storhornet tidleg på dag, medan eg trilla rundt i byen. Otto hadde blinka ut eit vervindu på ettermiddagen og eg rusla ned til han i firetida. Vi kjøyrde bomveien til Lundsetra/Stølssetra og parkerte på ein bortimot full parkeringsplass. Mykje folk i fjellet ja. Fulgte veien innover Ålmdalen og kryssa elva, vidare veien til endes. Herifrå var det lett oppover på avblåste rabbar. Sol og ein del vind på toppen, skifta bak bua. Etter fotoøkt vart det retur med dårleg stil på fjellski. Møtte ein randokar som var på veg oppover. Heidi ramla på nokre issvullar og fekk seg nok ei blå skinke etter denne turen. Tilbake i Bjørndalsvegen trylla Otto fram ei kald Tuborg. Otto, Inger Lise og søstra til Otto, Heidi, var turfølgje.

Kart     1 kommentar

Oppdal: Nonshøa

Dato:
24.03.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
3,5km

Kart    

Oppdal/Sunndal: Svartdalskollen, Graslitinden, Grynningshøer

Dato:
23.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:30t
Distanse:
31,4km

Møre & Romsdal pf 100, status 912/1154. Endeleg var det ein dag med sol og gode meldingar. Iflg værprofeten Otto lenger nede i Bjørndalsveien, påskens einaste fine dag. Det var ein del folk på parkeringa ved Storli, for det meste randofolk som deltok i verdensmeisterskapen i overkill-utstyr for flate turar. Vi trakka over marka med lette fjellski og kortfeller, og fulgte den stikka løypa oppover mot Grugguskaret. Ingen spor før oss, men det skulle endre seg til vi kom tilbake. Godt oppe i sida kom ein scooter nedover. Det letta sjølvsagt turen opp ein del når vi kunne gå i det sporet. Gjekk opp nord for topp 1419 og runda så denne på vestsida og vidare til første topp. Johan la opp ruta, det vart Svartdalskollen-Graslitinden-Fremre Grynningshøa og Indre Grynningshøa. Lette >>>

Kart    

Oppdal: Høghøa

Dato:
22.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:00t
Distanse:
29,0km

Det må være klinkende klart at 29 km tur for å gå på Høghøa stemmer ikkje. Det er rett og slett fordi dagens mål var Mellomfjellet i Surnadal kommune. Det starta bra frå parkeringa. Fine løyper og mykje folk. Slo av ein prat med ein bestefar og gut som gjekk ei runde. Tok etter kvart av frå løypenettet og gjekk nord for Grøntjønna mot Høghødalen. Her fekk eg auge på den merka vinterruta mot Trollheimshytta. Den skulle ta meg til Slettådalen og derifrå skulle eg gå ein kort distanse eit par hundre høgdemeter til Mellomfjellet. Oppover mot Midtre Falkfangarhøa tjukkna det til og vinden var veldig utriveleg. Tok igjen eit par med ein enorme pulk som skulle til Trollheimshytta. Dit kom dei aldri denne dagen. Mannen i "forholdet" kjempa med pulken. Kvinna hadde ein >>>

Kart    

Oppdal: Brattfonnhøa og Kringsollen

Dato:
21.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:30t
Distanse:
25,0km

Meldingane for dagen var ikkje allverden. Snøbygene kom og gjekk når vi såg over mot Allmannberget under frokosten. Bestemde oss likavel for Brattfonnhøa. Med Johan som kjendtmann kjøyrde vi til parkeringa ved Stølssætra. La på kortfellene som vi gjekk med heile turen. Veldig lett og fint å gå innover. Litt vind men ingenting å snakke om. Skydekket låg godt nedpå, men når vi nærma oss toppen var det nesten vekke. Heimebrentånden til eit par scooterførarar som passerte oss slo oss nesten i bakken. Ved Orkelsjøen er det partytime heile påska, og slikt som dårleg skiføre og elendig ver har liten innverknad på stemninga der inne. Vi tok av frå scootertraseen og peila oss inn mot Brattfonnhøa. Hard snø og delvis bart over tuer og rabbar. Satte igjen skia og gjekk til fots >>>

Kart    

Volda: Sunndalsnipa

Dato:
12.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
11,6km

Kart    

Eid: Maragjølbakken

Dato:
04.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:30t
Kart    

Eid: Movatnet

Dato:
03.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
10,0km
Kart