Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Ørskog/Vestnes: Næremstindane

Dato:
27.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:12t
Distanse:
12,7km

Første dag på ein sein og kort familieferie for oss. Parkerte på parkeringsplassen lengst inne, der vi og overnatta. Starta ilag og gjekk i godt driv oppover. Når vi var ferdige med det fuktigaste partiet ville Vinjar gå sjølv. Då gjekk Lise i forveien, avtalen var å møtest på Høgsvora etter at ho hadde vore aust til høgste toppen 1169. Stien til Høgsvora er mykje brukt og lett å følgje. Då Vinjar og eg kom til Høgsvora fekk vi telefon frå mamma som stod på 1169-toppen. Såg ho så vidt der borte. Det gjekk ca ein halvtime før ho var tilbake på Høgsvora. Vinjar og eg åt godteri og skreiv oss inn i boka. Så var det min tur. Gjekk litt ned nordover før eg gjekk mot egga. Så er det ein enkel og artig tur bortover. På returen gjekk eg ikkje oppom Høgsvora men tok bort >>>

Kart    

Vestnes: Helsetnakken

Dato:
22.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:40t
Distanse:
6,4km

Vi vakna på camping i Måndalen (Måna camping) til skodde og grått. Av og til er det faktisk greitt å legge seg inn på camping, dusj og straumtilkobling på bilen er gull. I tillegg får ein sjå folk i alle aldrar og fasongar. Ein gut på ca 5 år som sikkert kjeda seg voldsomt og var ute etter leikekompisar prøvde seg med ein liten brytekamp med Kjetil med det samme vi kom ut av bildøra. "Hva vil dere her", "Hvorfor tar du med nøkkelen til bilen" osv osv. Guten Morgen! Vi fekk brukt skule-tysken vår på herretoalettet. Etter frokost endra vi planane frå spenstige Middagstinden til meir moderate Helsetnakken. Kjøyrde til Skjeggstad der det stod eit Stikk Ut-skilt. Var såpass opplest at eg viste denne enda på Helsetnakken. Men første del av ruta var enormt kronglete. >>>

Kart    

Rauma: Skjervan og Skarven

Dato:
21.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:05t
Distanse:
14,5km

Vi kjøyrde god grusvei/bomvei inn til inngjerda parkering ved Nysetra. Slo av ein prat med ei lokal dame på rundt 70 som hadde hatt formiddagstrimmen sin inn hit. Fann fram til Nysetra og den veldig gode stien langs kraftlinja oppover mot skaret. Denne stien går til Skarven. Vi gjekk først til Skjervan, hadde eg fått gjort dette omigjen hadde vi tatt Skarven først. Då kunne vi gått rett ned i dalen frå Skjervan og ut til parkeringa på sti. Men uansett... vi gjekk sørover og peila oss inn på nordvestryggen til Mollavasstinden. Ei stikke med tusj "Dagsvatnet" på, eit par andre stikker med raud topp, og ei sløyfe i eit tre. Kvar denne merkinga tok veien veit vi ikkje. Bratt opp ur til 1340 moh. Vi hadde lite info om Skjervan og toppunktet, men visste det skulle gå greitt. >>>

Kart     1 kommentar

Vestnes: Hoemstinden, Sandfjellet, Øspetinden og Storknubben

Dato:
20.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:49t
Distanse:
20,2km

Ein verkeleg flott turdag med Kjetil. Parkerte ved Sakselia og fulgte god sti mot Hoemstinden. På toppen der møtte vi ein kar med United-t-skjorte. Sidan vi heia på United i 20LEgend sine glansdagar var dette reine icebreakeren og praten kom raskt i gang. Vidare til Sandfjellet der vi hadde matøkt. Vart einige om å droppe diverse småtuer som feks Blåfjellet 1043, og korte ned turen til dei pf 100 som låg i løypa. Gjekk til Hoemsskaret og fin rygg til Øspetinden. Vi hadde sett på avstand på egga mot Storknubben og var spent. Frå Øspetinden ser ein ikkje noko av klyvinga. Dette vart ei spennande økt med leiting etter beste veien og lett fin klyving. Ikkje noko spesielt gale, men ikkje for dei som er skvettne av seg. Kjetil som har begrensa erfaring i tinderangling av denne sorten >>>

Kart    

Vestnes: Storskorka

Dato:
19.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:38t
Distanse:
8,4km

Vi fekk tips om parkering i ei grushole lengst inne i dalen, der den nye synlege veien startar opp langs Fossåna. Vi gjekk denne oppover, veldig dårleg vei. Kjetil som har 3 år med steinsamling i 4H på CV-en fann fleire steinartar som han plukka med seg. Etter kraftinntaket fann vi stien som går innover langs vatnet til Dalsbotnen. Her møtte vi ein kar med fiskestang, boksøl og General. Han fortalde at han prøvde halde vatnet under kontroll, hadde tatt ut 2000 småfisk med garn i fjor. Oppunder fjellet og ut ryggen til Storskorka er det fint å gå. Karen med øl og snus fortalde at han brukte gå opp ryggen frå sørvest direkte til toppen. Denne prøvde vi ned igjen. Vi fann ingen utprega sti, vil heller kalle det bukkemark av god kvalitet. Men nedover går dette som regel bra. Vi >>>

Kart    

Vestnes: Middagsfjellet og Trolltinden

Dato:
19.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:35t
Distanse:
10,1km
Kart    

Rauma: Setnesfjellet, Svartebottstinden og Grisetskolten

Dato:
12.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:24t
Distanse:
16,8km

Parkerte på Veblungsnes på ein stor plass rett før kyrkja. Gjekk opp Tuenvegen og så første til høgre. Til venstre borti veien eit stykke og kom igjen til ei gate som heitte Tuenvegen. I enden av denne over eit gjerde og så på sti til masta på ca 750 moh. Terrenget var fuktig, og mykje vegetasjon gjorde at eg var søkkvåt når eg kom til masta. Skodda var grauttjukke og eg måtte berre prøve hugse litt kva eg hadde lest. Gjekk oppover og litt til venstre inn i nokre sva/rennesystem. Her knota eg ein del og gjekk nok ikkje enklaste veien. Kom opp med blod på knea, og var helsika glad for at eg ikkje skulle finne denne på vei ned i skodda. Så var det lett til Setnesfjellet. 2.15 opp der, greitt nok det. Gav meg forholdsvis god tid utover dagen og såg vel ikkje så mykje før eg >>>

Kart    

Rauma: Blånebba, Mjølvafjellet og Storhesten

Dato:
11.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:30t
Distanse:
13,7km
Kart    

Rauma: Gamlestølsfjellet

Dato:
10.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
12,3km

Ein kjempeflott dag i Romsdal. Valgte ein ikkje altfor krevande tur. Meldingane for ettermiddagen var tilskyande, og dessutan venta Jan Petter familien heim. Parkerte på god parkeringsplass ved Tuten, eit klingande namn. Fulgte god traktorvei/sti til Sjøbolet. Godt merka og lett å finne fram. Sjekka innom den åpne hytta. Her kan ein overnatte og fiske til ein rimeleg penge. Veldig godt tiltak med alle desse hyttene i blant anna Rauma og Nesset. Gjekk over demninga og fulgte ein sti eit lite stykke før vi tok av oppover sida. Vegetert og frodig, ingen sti å finne. Men det gjekk likavel unna. Når vi kom oppunder fjellet runda vi ein nabb på vestsida, gjekk litt høgre og så til venstre igjen over nokre store svaparti. Etter dette lett til ryggen og til topps. God tid på toppen til å >>>

Kart    

Rauma: Norafjellet og Nonshaugen

Dato:
09.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:07t
Distanse:
16,7km

Kart