Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Molde: Bjørnlihaugen og Horga

Dato:
01.07.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
10,0km

Vi kom frå Maifjellet. Meldingane for morgondagen svært gode, og når vi såg over fjorden mot Skåla bestemde vi oss for denne neste dag. Parkerte og overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. 2 kveldsturar på blokka. Den første så enkel som det kan bli. Rusla litt tilbake og tok av på god grusvei til topps på Bjønnalihaugen. Kasse og bok på toppen, mast er der og. Lise og Vinjar var med, tidsbruk ca 1 time. Den andre turen tok eg åleine. Rusla igjen litt tilbake frå gapahuken og tok av ein skogvei oppover. Fulgte denne til 350 moh, før eg tok sats og beina meg igjennom granfelt og bukkemark ca 50 høgdemeter. Etter dette lettgått i åpent skogsterreng oppover mot toppen. Denne toppen var ein kjempeoverraskelse. Veldig flott utsikt mot Molde. Flugene var i storslag. >>>

Kart    

Molde: Maifjellet og Kloppafjellet

Dato:
01.07.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
14,7km
Kart    

Vestnes: Åsnakken

Dato:
30.06.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:57t
Distanse:
3,6km
Kart    

Jølster/Luster/Sogndal: Grensevarden

Dato:
28.06.2015
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:05t
Distanse:
13,8km

Sidan det er vanskeleg å få med folk på skiturar kontakta eg eit sikkert kort, Sunnfjords ivrigaste telemarkkjøyrar Brit Siv Fimland. Ho har 140 toppturar denne sesongen, slett ikkje værst. Ho hadde heldigvis ikkje planar for søndagen, så vi vart eininge om Fonn -> Grensevarden. Avtalen var å møtest på Klakegg og så kjøyre ein bil til Fonn. Kom oss avgarde frå Fonn ca 0930 i strålande ver. Gjekk etter merking mot Tverrdalen og fulgte sommarråsa mot Gallen. Denne måtte vi gå til 900 moh, men vi blinka oss ut ein spennande nedfart der det såg ut til at vi slapp å ta av skia for vi kom ned i botnen. Det gjekk radig oppover med feitaste plankane i utstyrsboda. Gjekk kortaste tenkelege linje mot Grensevarden, kryssing utan høgdegevinst var ikkje eit tema. Kryssa eit skispor >>>

Eid: Åstønakken

Dato:
27.06.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:54t
Distanse:
3,5km
Kart    

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
26.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
5,3km
Kart    

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
25.06.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
3,5km
Kart    

Stryn/Luster: Brenibba, Kjenndalskruna og Bødalsfjellet

Dato:
23.06.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
11:40t
Distanse:
46,1km

Kven er det muleg å få med på ein spontantur på ein tirsdag, sjølvaste jonsokafta? Kom på eit namn på ein som er litt svak for lange turar til toppar han manglar i samlinga. Om menyen var god nok rekna eg med at han ikkje klarte å takke nei. Ringde til Oppdal og la fram bodskapen. Samtalen forløp omtrent som dette: "God dag, det er boven. Er du interessert i tur i morgon? Ei sjelvande stemme svarte: "Jaaaa....Er det nokke spesielt du har tenkt på?" "Tja kva kan eg friste med....kva med Kjenndalskruna og Bødalsfjellet?" "Ja, eg skal berre samle saman noke utstyr her so kjeme eg!" Johan slukte menyen bortimot utan betenkningstid. Møttest på Esso Stryn og kjøyrde ein bil til Bødalsseter. Var framme der seint på kveld. Ein bil stod på parkeringa. >>>

Halsa: Storfjellet, Tindan og Hennafjellet PF100 komplett

Dato:
20.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:06t
Distanse:
10,5km

Dagens 3. tur, og siste tur i Halsa kommune. Banka på hos ein triveleg bonde i bygda og spurde om veien innover mot Hennasetra. Den var det berre å kjøyre, bomvei kr 40. Det var blitt laga til parering for STIKK UT-samlarar ved sætra. Denne parkeringsplassen var ikkje stor, i tillegg moldete og blaut. Fekk no lurt til den store bilen utan å kjøyre meg fast. Merka sti til Tindan 2,6 km og Hennafjellet 1,5 km, veldig lett å finne fram. 1,5 km er nok veldig kort, GPS viste 2,1 km og då var eg ikkje bort på punktet der STIKK UT-kassa var. Merkeleg at dette ikkje er på toppen, men på ein hump litt lenger nord. Ein bestefar med 2 gutar eg møtte var overraska over at eg ikkje samla STIKK UT. Vel det er så mykje der som ikkje er veldig lokkande. Ein stein, ei rotvelte eller ei fure ser >>>

Halsa: Knubben og Nessafjellet

Dato:
20.06.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:13t
Distanse:
11,3km

Dagens 2. tur. På Engan er det merka blant anna Hjelmkona og Englivatnet. Eg snakka med ei dame i gartneriet. Ho anbefalte meg å ikkje kjøyre med stor bobil innover. Sidan eg ikkje hadde anna info om veien høyrde eg på dette. Når eg kom opp til infotavla og bomkassa stod der til og med pris for lastebil. Då skjønte eg at her kunne eg lett ha kjøyrt opp. Veien til Englivatnet er veldig god. Trur uansett ikkje eg hadde spart all verden med tid pga av at eg då måtte flytta bilen mellom desse to toppbesøka. Vel vel, trakka veien oppover med godt mot. Ca 600 meter før vatnet tok eg til høgre mot Englia på dårlegare vei. Her ville eg ikkje kjøyrt med bobilen. Passerte garden og nokre hytter, holdt fram på sti innover langs vatnet. Terrenget såg sørgelig ut. Endelause granfelt. >>>

Kart