Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (34)
- Fisketur (25)
- Jakttur (1)
- Kajakkpadling (8)
-
Annen vintertur (4)
- Trugetur (4)
- Fottur (1967)
-
Klatring (6)
- Alpin klatring (6)
-
Skitur (539)
- Fjellskitur (170)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (363)
-
Sykkeltur (11)
- Blandet sykling (9)
Favoritturer
- Sarek: 12 dagar villmark 2008
- Stryn: Argaste toppen i Nordfjord
- Finnmark: Laksefjordvidda 2009
- Norddal/Rauma: Grønningsæter -> Grønningsæter
- Surnadal: Naustådalen og Neådalen
- Stryn/Luster: Brenibba, Kjenndalskruna og
- Norddal: Aktivitetsveke, dag 3
- Nesset/Sunndal: Toppar aust for Eikesdalsvatnet
- Nesset/Rauma: Hoemtinden, Hauduken og litt til
- Sunndal: Somrungnebber
Favorittopper
Aure: Ormbostadfjellet
- Dato:
- 14.04.2015
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:39t
- Distanse:
- 2,2km
Hadde grubla litt på denne. Resultatet vart å prøve brattaste og kortaste veien. Parkerte på parkeringsplassen til Imarbu. Terrenget såg spennande ut. Gjekk inn ei avkjøyrsle på andre sida av vegen og fulgte ein sti ca 100 meter. Tok av bratt rett opp, litt klyving langs ein liten bekk før eg var oppe på kanten. Så var det berre å sikte seg inn sånn ca mot toppen. Såg den ikkje, mykje skog. Vinden ruska godt, men det ufyselege veret før på dag hadde tatt ein pause så dette var reine koseturen. 20 minutt frå parkeringa til toppen. Ein stein på høgste punkt, ellers ingen markering, kasse eller bok å sjå. Denne er nok lite besøkt. Retur samme veien. Lise starta rett etter at eg kom ned, kunne gå på ruta på klokka. Vinjar fekk sleppe denne. Vi overnatta på parkeringa. >>>
Surnadal: Bollknubb1
- Dato:
- 08.04.2015
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:18t
- Distanse:
- 4,5km
Etter at gårsdagens tur vart prega av ei forferdeleg veroppleving, (bortimot det verste eg har vore ute i) måtte eg rette opp dette med ein gong. Ein kan ikkje sette igjen ein topp på denne måten! I dag i mykje bedre ver heldigvis. Veien frå Nordvikstranda til inntaket for kraftverket er brøyta og åpen frå ca påsketider. Kr 40 vart betalt i kassa med glede i dag og. Bytta til telemarkski for anledningen og labba rundt Seterhaugen på vestsida. Vidare i nesten rett linje mot toppen. Veldige vind tidleg på dag men stilna utover ettermiddagen. Fekk nokre få hundre meter fin nedkjøyring i påskesløsh. Såg 2 stk som kom kryssande ned frå Nordviksula. Det er forresten 2 Bollknubbar, denne + ein grensetopp mot Sunndal sør for Todalen.
Surnadal: Storfjellet og Fossafjellet
- Dato:
- 07.04.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 3:02t
- Distanse:
- 15,9km
Nordvikstranda er det bomvei til kraftverkinntaket på ca 400 moh. Kostar kr 40 som sjølvsagt blir betalt med glede. Parkerte åleine ved veis ende. Turen starta i fint ver og god temperatur. Nesten så ein kunne bli optimist. Planen var å ta Storfjellet først. Bollknubben var skyfri og såg fin ut, men gjekk forbi denne for å så ta den på retur. Opp mot Storfjellet såg eg at skylaget la seg godt nedpå toppen. Sola var definitivt på vikande front og vinden utriveleg. Gjekk nord for Bollknubben mot Fossafjellet. Kraftlinja vart passert og det tetta seg enno meir til. Fossafjellet såg eg aldri meir men toppen vart nådd. Ei jævlige vindkule traff meg på toppen. Fekk snudd skia rette veien og vart sendt i god fart tilbake med feller på! Fulgte spora mine eit stykke før eg tok av >>>