Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
29.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
5,3km
Kart    

Eid: Tytebærhaugen

Dato:
26.09.2014
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,9km
Kart    

Eid: Åsane, ytre, indre

Dato:
24.09.2014
Turtype:
Fottur
Kart    

Lom: Tverrbottindane

Dato:
20.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:00t
Kart    

Luster: Høgvagltindane

Dato:
19.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:10t
Distanse:
14,9km

Toppsamlarhelg på Leirvassbu. Vi kom torsdag kveld, lalla pjokken og sosialiserte oss litt inne. Bestemde oss for familietur på fredagen, vermeldingane var best for denne dagen. Laurdagen gjekk eg Tverrbottindane til Tverrbytthornet saman med Kroksleiven og søndag gjekk Lise Skardstinden med Sondre sitt turfølgje. Ei veldig fin helg der vi traff mange gamle og nye fjellfolk. Kom oss som alltid seint avgarde. Gjekk ruta mot Olavsbu og tok av langs ryggen på ein merka/varda sti. Etterkvart tok vi av frå denne og gjekk mot Vestre Høgvagltinden. Her hadde vi lang pause. Vinjar kosa seg i dunposen. Ganske skarpt i lufta, men sola varma godt når ho slapp igjennom. Vi såg eit stort turfølgje på Midtre Høgvagltinden. Dette var Arne og 12-13 stk som hadde gått motsatt veg. Vi møtte dei >>>

Kart     1 kommentar

Rauma: Store Venjetinden

Dato:
14.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
7,7km

Skodda låg tjukk i Venjesdalen då vi starta å gå. Håpet var at det skulle lette eller at vi kom over den. Fann stien som startar ved ein stein med raudmåling på ved Venjesdalsvatnet. God sti oppover mot skaret på egga. Vi kom over skodda her og hadde eit fantastisk skue i alle retningar. Det er ikkje vanskeleg oppover men mykje sva. Heilt greitt at det var tørrt denne dagen. Ein del varding gjer det greitt å finne fram. Eit stykke før toppen går det varding mot høgre, denne skal ein ikkje følgje. Hald godt til venstre mot kanten oppover. Rett før toppen eit lite klyveparti med veldig gode tak. Lang god pause på toppen, Andreas kunne feire som "Fjellkonge". Retur samme vegen, tilbake ved bilane ca 1530. Janne og eg tok laust mot Romsdalshornet ein halvtime seinare. >>>

Kart    

Rauma: Romsdalshornet - Halls renne

Dato:
14.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:19t
Distanse:
4,9km

Ettersom turen på Venjetind var over ca 1530 var Janne og eg klar for eit forsøk på Romsdalshornet. Har sett og lest mykje om denne Halls renne og vurderte det slik at vi begge var i stand til å gjennomføre dette. Janne har i tillegg til eit godt humør og over middels kondis, sterke sider både med klyving og høgde. Dei andre var slitne, klare for heimreise eller prioriterte andre oppdrag. Vi kom oss avgarde frå parkeringa ca 1600 med avtale om henting kl 2000. Ruta oppover såg på avstand mildt sagt hårete ut! Etterkvart kom vi inn på den raudmerka stien som snirklar seg oppover. Oppunder eit brattare parti stoppa denne merkinga, og vi prøvde oss litt til høgre etter tips frå Johan. Vi kan ikkje ha funne den ruta han brukte så det vart rett og slett litt ugreitt oppover. Men >>>

Kart    

Rauma: Bispen, Kongen, Dronninga og Karitinden

Dato:
13.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:40t
Distanse:
15,0km

Denne helga hadde eg planar om eit par turar rundt Trollstigen, men då Janne kom i telefonen med turar i same området vart mine lagt på is så lenge. Det skulle bli eit artig turfølgje: Dei vidkjende Vognild-brødrene, Andreas, Joso, Brit Siv, Janne og meg. Fleire av desse hadde eg ikkje vore på tur med før. Kjøyrde rett etter jobb fredag. Kom til Trollstigen ca kl 1800 og parkerte ikkje langt frå ruta som er merka med skilt. Ein telefon til Janne, ho kunne bekrefte at det hadde komt uventa utfordringar på vegen oppover. Sjølv om det er fleire hundre meter frå rundkjøyringa i Stryn til nærmaste sportsbutikk fekk shoppingnasene til damene teften av billeg dun. "Vi stoppa i Stryn og handla litt" sa Eikås. Eg kjenner lusa på gangen etterkvart og tok denne: "Ka fanken, >>>

Norddal: Storhaugen

Dato:
12.09.2014

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
10.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,5km
Kart