Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Norddal: Middagshesten

Dato:
27.04.2014
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Distanse:
9,0km

Kart    

Norddal: Storåsnakken

Dato:
27.04.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,3km

Kart    

Norddal: Grøtet og Litlegrøtet

Dato:
26.04.2014
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:49t
Distanse:
19,0km

Sunnmøre pf 50, status etter helga 839/926. Kom til Kilsti fredag kveld og la oss til i bilen på parkeringa. Kom meg avgarde 0650. Veldig tidleg, men planen var at Lise skulle ta Grøtet etterpå. Var usikker på kva eg skulle gjere, men enda opp med å gå mot Skrednakken. Brukte ca 1,5 timar ut der på telemarkski med plastsko. Vidare ryggen frå vest til Grøtet. Vart ein del skibering her, 3-400 høgdemeter. Ein titt på klokka og eit lite blikk ned i sørsida på Grøtet gjorde til at eg bestemde meg for Lisjegrøtet i tillegg. Eg er ingen brattkjøyrar på ski, men dersom det er det som må til så går det og. Bratt skikjøyring ned furene på sørsida av Grøtet! Plastsko og telemarkski er så gull på slike turar! 200 lette høgdemeter til Litlegrøtet. Fantastisk nedkjøyring mot >>>

Kart    

Norddal: Blåhornet

Dato:
26.04.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
4,5km

Lise hadde vore på Grøtet medan eg trilla langs vegane på Kilsti. Då mangla eg Blåhornet før vi kunne reise vidare. Denne turen er vel ikkje all verden å berette om. Det er lett å finne fram med gode merkingar frå parkeringsplassen. Nokre få parti med litt halvråten snø, ellers veldig fint å gå. Ein lokal kar kunne fortelje om 17.mai-foto frå Kilsti der det var så mykje snø at ein kunne kjøyre snøscooter oppå ladetaket. No var det andre tider med vårvinne frå påske og utover. Etter denne kjappe turen flytta vi oss til Hatlestad og bomvegen mot Rellingsætra. Klar for Middagshesten neste morgon!

Kart    

Sogndal/Luster: Supphellenipa og Opptakshaugane

Dato:
20.04.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
11:00t
Distanse:
46,0km

Lang skitur frå Stardalen i Jølster. Denne har stått på blokka lenge. Torleiv og eg kjøyrde til Lyngstad der vi møtte Kjell som og var med på gårsdagens tur på Strynefjellet. Etter ei god prateøkt med faren hans kom vi oss avgarde. Kjøyrde litt oppover sætrevegen. I det vi ser Kvannebakknova ser vi at det er mykje vind i høgda. Oppover mot Strupen blir vi i tvil om dette er noko å satse på. I tillegg blir vi tatt igjen av ein kar med telemarkustyr, busett i Oslo og med svært mykje utdanning. Skilde lag med han og gjekk retning pkt 1734. Vinden var til å leve med, og vidare utover dagen stilna det og vart legendarisk. Kjell som har budd heile livet ved foten av breen skulle faktisk i dag få eit par nye toppar, og eit innblikk i korleis tankesettet til toppidiotar er. Vi passerte >>>

Kart    

Skjåk/Norddal: Hamseviki -> Storfjellet

Dato:
19.04.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
8:00t
Distanse:
38,0km

Målet var 3 toppar i Sunnmørslista, pf 50 m. Status etter denne turen 833/926. Dei siste på Sunnmøre vi kan nå frå Strynefjellet. Frå Hamseviki er det lett innover til Danskehytta. Hytteverten kunne berette om elendige besøkstal pga forferdeleg ver så langt i påska. Vi møtte ein snøscooter på vei innover. Dette var vist nok sjuketransport av hund etter eit klassisk møte: Stålkant vs Bikkje. Dagen var dessverre grå, starta til og med med nokre regndråpar. Ein del vind og surt innover. Men kan vel ikkje klage, det er tross alt utendørsidrett vi driver med. Retur over Hellstugueggi og dermed lang glitur tilbake til bilen. Ikkje den heilt store dagen, men toppane i boks! Med på turen var Kjell Lyngstad frå Jølster og Kroksleiven.

Kart    

Eid: Ljøskarhaugen og Tytebærhaugen

Dato:
18.04.2014
Turtype:
Fottur
Kart    

Rauma: Oksen og Kolåsen

Dato:
17.04.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:07t
Kart    

Rauma: Frisvollfjellet, Hovdekollen og Veten

Dato:
16.04.2014
Turtype:
Fottur
Kart    

Rauma: Lundsfjellet, Nøta, Nakken og Reistadkollen

Dato:
15.04.2014
Turtype:
Fottur
Kart