Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Skjåk/Norddal: Ski Classics, Hamsedalen langlauf

Dato:
30.03.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
8:15t
Distanse:
36,0km

Då gjekk startskotet for dei siste 100 toppane på Sunnmøre, pf 50. Status etter i dag 830/926. Tidleg start, 0630 frå Statoil Nordfjordeid. Så stilde vi klokka ein time og den vart 0730. Klar til avgang i Hamsevika rett over 0900 sommartid. Lyset var flatt og kjedeleg første partiet innover, men sola fekk snart tak og det vart ein kjempeflott dag, med påskesløsh og god temperatur. Det som sjokkerte oss mest var å finne ut at 2 gravemaskiner og ein dumpers hadde vore innover til Heimste Viavatnet, ein avstand på ca 12 km. Stødig arbeid for å seie det pent. Her må det ha gått med minst 14 liter kaffi og 3 pakkar Rød Mix. Vi osa innover dalen i eit scooterspor, men folk såg vi ikkje heile dagen. Kva gjer folk på eigentleg? Vi kom inn på ruta mot Kaldhusseter gjennom Fagerbotnhalsen. >>>

Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
29.03.2014
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
28.03.2014
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:45t

Etter skidag med 8. klasse til foten av Sunndalsnipa og Kyrkjefjellet vart veret utover dagen legendarisk. Vel heime på Lotsberg pakka eg telemarkskia og litt niste og kjøyrde til Lotsbergskåra. Utruleg lite snø i år, og dette var første skitur for sesongen! Konstaterte at forma ikkje har kollapsa totalt. Vindstille og fint på Svartegga. Såg mot Snønipa, virka som det var litt disig lenger søraustover. Tanken om store ekspedisjonar i helga må kanskje revurderast. Frå Svartegga svinga eg lett nedover den første bratte bakken mot Gjørva. Nye sko kjendest gollje gode ut. Scarpa T2 thermo kjøpt nye på Finn for 500 kr + frakt. Utruleg kva ein kan finne tak i med litt leiting. I siste bakken før Gjørva small det plutseleg og eg hadde null kontroll på venstreskia. Bittert å oppdage >>>

Eid: Tytebærhaugen via Skåra

Dato:
27.03.2014
Turtype:
Fottur
Kart    

Eid: Ytre Åsane, Ornitologi

Dato:
08.03.2014
Turtype:
Fottur

Vågsøy: Skolma, Røyseheida og Høgehaugen

Dato:
01.03.2014
Turtype:
Fottur